Slik gjer du det — For andre samarbeidspartnarar
Send faktura til Nav
Leverandørar av varer og tenester skal sende elektronisk faktura på EHF-format til Nav.
Innhald på sida
Stortinget har vedteke at EHF er det offentlege standardformatet for elektronisk faktura. EHF står for elektronisk handelsformat og er ein faktura som blir utstedt, formidla og behandla elektronisk.
Elektronisk fakturaadresse til Arbeids- og velferdsetaten er vårt org.nr. 889640782.
For å kunne betale til rett tid, er det viktig at faktura blir merka korrekt:
- Referanse til den som bestill. Både referanse og org.nr. er nødvendig for å sende faktura til mottakar. Gyldig format for tilsett i Nav er ein bokstav og seks siffer (eks. A123456).
- Bestillingsnummer. Leverandørar av varer og tenester i kategorien hjelpemiddel, må påføre Navs bestillingsnummer på faktura og vedlegg.
- Kreditnota. Ved kreditnota ber vi om referanse til fakturanummer.
- Vedlegg. Vedlegg til faktura må vere i PDF-format.
- Betalingsfrist. Nav ber om 30 dagar betalingsfrist.
Manglar ved fakturaen kan medføre for sein betaling.
Vi kan førebels ikkje motta tiltaksfaktura som EHF.
Som hovudregel skal eit skjema for refusjonskrav gje grunnlag for handsaming av refusjonsutbetaling for arbeidsmarkedstiltak.
Skriv ut skjemaet for refusjonskrav, og send det til oss i posten. Adressa som skjemaet skal bli sendt til står på fyrstesida som høyrer til skjemaet.
Dersom ikkje rekneskapssystemet ditt eller rekneskapsføraren din kan levere faktura på EHF, kan du bruke nettbasert fakturaportal. Der kan du registrere og sende faktura på rett måte.
Du kan bruke eye-share sin fakturaportal. Opprett brukar med e-postadresse og passord, så finn du meir rettleiing (User manual) i løysinga.
Sjå ellers DFØs regnskapstjenester
Nav opplev feil ved tolldeklarering av varer, der speditøren feilaktig nyttar organisasjonsnummer som høyrer til Nav. Nav får ofte varer levert direkte til eiga adresse, men bestilling er oftast via norsk importør. Det er da importøren sitt organisasjonsnummer speditøren skal nytte ved tolldeklarering.
I tilfelle der Nav har kjøpt direkte frå utlandet, skal det bli tolldeklarert på Arbeids- og velferdsetatens org.nr. 889640782
Nav ber om at det alltid blir sendt kopi av tolldeklarasjonen til regnskap.drift@nav.no.
Samarbeidspartnarar kan kontakte oss på nav.okonomiteneste@nav.no eller ringe vår brukarstøtte på telefon 400 07 760.
Oppdatert 14.06.2024