Nav hjelpemiddelsentral Vestland-Bergen
Hjelpemiddelsentral
Du finn oss her
Besøksadresse
Kokstaddalen 35, 5257 KOKSTAD
Opningstider
dag | tid |
---|---|
Måndag | 09.00–14.30 |
Tysdag | 09.00–14.30 |
Onsdag | 09.00–14.30 |
Torsdag | 09.00–14.30 |
Fredag | 09.00–14.30 |
Telefonnummeret til hjelpemiddelsentralen er
Opningstider jula: Hjelpemiddelsentralen er stengt 24. og 31. desember. I romjula er vi open for besøkande klokka 10:00-14:30, og telefontid er klokka 10:00-11:30. Vanleg telefontid er klokka 09:00-11:30.
Kontorinformasjon
Plassering
Kokstaddalen 35, 5257 KOKSTAD
Postadresse
Postboks 121 Kokstad, 5863 BERGEN
Kontorinformasjon
Kontornummer: 4712
Sjå sidene våre for å finne informasjon om hjelpemiddel og tilrettelegging i ulike situasjonar.
Hjelpemiddel og tilrettelegging (for privatperson)
Jobbar du med hjelpemiddel og tilrettelegging? Sjå sidene våre for samarbeidspartnarar.
Jobbar med hjelpemiddel (for samarbeidspartnar)
I kvar kommune er det tilsette som har eit spesielt ansvar for hjelpemiddelformidling. Ofte er det ergoterapeutar eller fysioterapeutar, men det kan også vere andre yrkesgrupper. Dei kan hjelpe til med å kartlegge behovet, hjelpe deg å søke og gi opplæring og oppfølging. Ofte må eit hjelpemiddel prøvast ut før du søker. Ergoterapeut i kommunen vil organisere utprøving for deg.
Nav hjelpemiddelsentral hjelper kommunar og andre samarbeidspartnarar ved kompliserte hjelpemiddel- og tilretteleggingsbehov i daglegliv, barnehage, skule, utdanning og arbeid.
Nedsett syn og høyrsel
Syns- og audiopedagogisk teneste (SAPT Vestland) gir råd til brukarar som bur i Hordaland fylke. Både fagpersonar og brukarar kan ta kontakt. For å få bistand frå tenesten må syns- og høyrselstap vere dokumentert av spesialisthelsetenesta. Barn og unge blir prioriterte. Du finn informasjon om SAPT Vestland på Bergen kommune sine nettsider.
Open dag for utprøving av hjelpemiddel
Open dag er eit tilbod der brukarar i følgje med ergo- eller fysioterapeut frå kommunen, kan prøve prisforhandla hjelpemiddel.
Kvar onsdag klokka 10:00–14:00 er det open dag for utprøving av elektriske og manuelle rullestolar, og for arbeids- og løftestolar.
Kvar torsdag kl. 12.00-14.00 er det open sykkeldag.
Det er ikkje open dag i feriar eller på høgtidsdagar.
Lån utprøvingsrom
Måndag og fredag klokka 10:00–14:00 kan terapeutar låne utprøvingsrom og gjere utprøvingar på eiga hand.
Ta kontakt for å avtale tid. Opplys om det på førehand dersom det trengst drosje-rekvisisjon.
Det kan førekomme avvik i opningstidene.
Viss du har sendt ein søknad til Nav hjelpemidler og tilrettelegging, kan du logge inn på nav.no og sjekke saka di sjølv. Innloggingsknappen finn du øvst til høgre i nettlesarvindauget.
Viss du har søkt om hjelpemiddel frå Nav, kan du logge inn for å følgje saka di. Dette gjeld også viss ein kommunal terapeut har søkt på dine vegner.
På innlogga sider på nav.no kan du sjekke
- status i saker du har til behandling
- oversikt over utlånte hjelpemiddel (utlånsoversikt)
- oversikt over saker som er sendt inn, dokument og vedtak
Du vil ikkje få opp oversikt over søknader til eigne barn viss du loggar inn. Du kan skrive eller ringe til oss viss du treng informasjon om status på saka til eige barn.
Viss du har brukt digital behovsmelding til å søke om hjelpemiddel for ein innbyggjar, kan du sjekke
- status i saka for dei hjelpemiddelsøknadene du sjølv har søkt om på innbyggjars vegner.
Du kan lese meir om korleis kommunale terapeutar og teknikarar kan bruke digitale tenester i hjelpemiddelformidlinga.
Bruke digitale løsninger
Slik gjer du det
Hjelpemiddelsentralen leverer hjelpemiddelet til kommunen.
Viss du ikkje har reservert deg mot digitale meldingar frå staten, får du beskjed på SMS eller e-post når hjelpemiddelet er klart til å sendast frå oss til kommunen. Du kan også følgje status på saka di viss du loggar inn på nav.no med ID-porten.
Utleveringa av hjelpemidla skjer som regel éin gong per veke til mottaksstader i kommunane. Derfrå blir hjelpemiddelet levert vidare til deg som skal ha det.
Du får beskjed frå Nav om at vi har levert hjelpemiddelet til kommunen din. Viss du har spørsmål om leveringa, må du kontakte kommunen.
Nedanfor finn du oversikt over kva for vekedagar Nav leverer hjelpemiddel til din kommune.
Du må kvittere på at du har fått hjelpemiddelet ved utlevering.
Kommune | Vekedag |
---|---|
Alver | Måndag |
Askøy | Tysdag |
Austevoll | Måndag |
Austrheim | Tysdag |
Bergen | Kvar dag |
Bjørnafjorden | Torsdag |
Bømlo | Måndag |
Eidfjord | Fredag |
Etne | Måndag |
Fedje | Tysdag |
Fitjar | Måndag |
Kvam | Onsdag |
Kvinnherad | Onsdag |
Masfjorden | Tysdag |
Modalen | Tysdag |
Osterøy | Onsdag |
Samnanger | Onsdag |
Stord | Måndag |
Sveio | Måndag |
Tysnes | Torsdag |
Ullensvang | Onsdag |
Ulvik | Fredag |
Vaksdal | Fredag |
Voss | Fredag |
Øygarden | Torsdag |
Ta kontakt med kommunen din for å melde behov for reparasjon, byte eller delar til hjelpemiddelet ditt.
Kommunal hjelpemiddelteknikar utfører enkle reparasjonar og byte av delar. Kommunen kontaktar hjelpemiddelsentralen dersom den har behov for bistand i ei sak.
Telefonnummer til teknisk avdeling: 40 64 97 80
Opningstid: Klokka 09:00–11:00 og klokka 12:00–13:00.
Ta først kontakt med kommunen.
Utanom opningstid og ved akutte behov, kan du ringe Nav hjelpemiddelsentral sin servicetelefon for reparasjon av hjelpemiddel:
- Telefonnummer: 917 81 122
- Opningstid kvardagar: klokka 15:30–24:00
- Opningstid helger og heilagdagar: klokka 08:00–24:00
Når du ringer Servicetelefonen vil du komme i kontakt med ein av våre teknikarar. Dei vil vurdere situasjonen ut frå situasjonsskildringa di, og avtale med deg hva som skal gjerast vidare.
Bestille tolk
Dersom du har søkt og fått innvilga tolk, kan du bestille tolk til konkrete oppdrag.
Du kan logge inn og bestille tolk på Nav si tolkebestillingsløysing
Kontakt tolketenesta i Vestland
- Telefon:
- 40 64 97 93 (berre samtale)
- 97 75 35 91 (berre sms)
- Opningstid telefon: kvardagar klokka 08:00–14:30
- E-postadresse: nav.tolketjenesten.vestland@nav.no
Akutt behov for tolk
Ved akutt behov for tolk for døve, høyrselshemma og døvblinde, ring eller send sms til 99 48 18 10. Her kan du få kontakt med tolk når som helst på døgnet, ved til dømes sjukdom eller brann.
Viss du treng stønad til bil eller spesialutstyr, kan du kontakte bilsenteret i regionen din.
Nav bilsenter er eit nasjonalt ressurs- og kompetansesenter med ansvar for formidling av bil og spesialutstyr.
I Vestland fylke er det Nav bilsenter Vest-Norge som har ansvar for å hjelpe deg.
- Telefon: 40 64 83 23
- Opningstid telefon: måndag, onsdag og fredag klokka 09:00–11:00
- E-post: nav.bilsenter.vest-norge@nav.no
- Besøksadresse: Kokstaddalen 35, 5257 Kokstad
- Postadresse: Postboks 121 Kokstad, 5863 Bergen
Brukarmedverknad på systemnivå skal støtte opp under det overordna målet i Nav-reforma, som er å etablere ei arbeids- og velferdsforvalting som er tilpassa brukarane sine behov.
Nav hjelpemiddelsentral Vestland har fleire brukarutval. Du finn meir informasjon om Nav sine brukarutval på sida om brukermedverknad.