Publisert 7. mai 2024
Bedriftsleiarar i Vestland er forsiktig optimistar, og forventar ikkje dei store endringane i året som kjem. Mange melder om aukande rekrutteringsutfordringar.
Det viser årets bedriftsundersøking frå Nav Vestland.
Etter eit kraftig fall i optimismen i fjor, er verksemdene sine samla forventningar litt opp frå 2023. Bedriftene, både offentlege og private, forventar stor grad av stabilitet på dei fleste områda. Om lag 850 arbeidsgivarar i Vestland svarte på undersøkinga, som blei gjort i februar og mars 2024.
– Svara i undersøkinga er bedriftene sin sjølvrapporterte vurdering av eigne forventningar for 2024, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Manglar over 5 600 arbeidstakarar
Fleire verksemder svarer at dei har problem med å få tak i nye medarbeidarar med rett kompetanse. Helse- og sosialtenesta manglar flest tilsette, og framfor alt helsefagarbeidarar. Deretter følgjer bygg og anlegg, varehandel og eigedomsdrift. Totalt manglar bedriftene i Vestland om lag 5 600 arbeidstakarar, mot 5 200 i fjor.
– Det er ein jamt stigande trend med rekrutteringsutfordringar. Her ligg Vestland høgare enn resten av landet, seier Hysing-Olsen.
Tal for arbeidsmarknaden i april syner det same biletet. Førre månad var det nemleg 2000 fleire utlyste stillingar enn arbeidssøkarar.
Får ny kompetanse på arbeidsplassen
Svært mange av bedriftene rapporterer at dei planleggar kompetanseheving blant dei tilsette.
– Det er veldig bra at fleire bedrifter legg til rette for utdanning og utvikling på arbeidsplassen. Det kan vere eit svar på rekrutteringsutfordringane, og kan senke terskelen for å tilsette personar som ikkje har ønska kompetanse i utgangspunktet. Det er positivt om fleire legg til rette for at ein til dømes kan ta fagbrev på arbeidsplassen, seier Hysing-Olsen.
Det er bedriftene i Sogn, Nordhordland, Voss/Hardanger og Midthordland som rapporterer om størst rekrutteringsutfordringar, medan Nordfjord og Sunnhordland ikkje har like store utfordringar med å skaffe kvalifisert arbeidskraft.
Les meir i Nav si bedriftsundersøking for 2024.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgivar, 90 50 70 96
Fakta
Fakta om bedriftsundersøkinga
- Nasjonal undersøking, gjennomført i februar og mars 2024
- I Vestland svarte 849 verksemder, som gir ein svarprosent på 65.
- Bedriftene har svart på korleis dei vurderer utsiktene for 2024 når det gjeld mellom anna marknadsutsikter, resultat, investeringar og talet på tilsette.