Publisert 30. mai 2024
Det legemeldte sjukefråværet i Vestland fylke ligg stabilt, men fleire blir sjukemeldte på grunn av lettare psykiske lidingar, viser tal frå Nav.
Etter dei tre første månadene av 2024 enda det legemeldte sjukefråværet i Vestland på 6,2 prosent. Det er uendra frå same periode i fjor og likt med gjennomsnittet for landet. Totalt utgjer fråværet over 1 million tapte dagsverk.
Færre blir sjukemeldte med luftvegsplager
Frå 2019 til i år har sjukefråværet i første kvartal auka med nesten eit prosentpoeng, frå 5,3 til 6,2 prosent.
– Dersom fråværet stabiliserer seg på eit høgare nivå enn før pandemien, er det grunn til uro. Vi ser at luftvegsplager, som låg høgt i fleire år, no er nede på eit meir normalt nivå. Samstundes held auken i psykiske lidingar fram, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
Samanlikna med første kvartal i fjor er det særleg lettare psykiske lidingar som fører til auke i sjukemeldingar, medan angst og depressive lidingar ligg ganske stabilt. Muskel- og skjelettplager er den viktigaste årsaka til sjukemelding, med nesten ein tredel av dei tapte dagsverka.
Mykje å spare på førebygging
– Vi veit frå forsking at muskel- og skjelettplager og psykiske lidingar ofte heng saman, og at det eine lett fører til det andre. Difor er det så viktig å jobbe førebyggande med arbeidsmiljøet. Vi har fagfolk som kan hjelpe, seier Hysing-Olsen.
Alle norske arbeidsplassar er omfatta av IA-avtalen for inkluderande arbeidsliv, som mellom anna gir dei tilgang til tenester frå Nav for å få ned sjukefråværet. Arbeidsgivarar kan bruke fråværskalkulatoren til Nav til å rekne ut kva sjukefråværet kostar.
– Eit positivt trekk er at nesten kvar fjerde sjukemelding er gradert. Det tyder på at mange arbeidsgivarar legg til rette for at tilsette kan jobbe litt sjølv om dei har helseplager. Dette tener både den enkelte og samfunnet på, seier Hysing-Olsen.
I 2023 blei det betalt ut nesten 7,2 milliardar kroner i sjukepengar i Vestland.
Fakta om sjukefråværet i Vestland i første kvartal 2024
- Høgast fråvær i kommunane Fedje (8,6 prosent), Askøy (7,9 prosent) og Øygarden (7,6 prosent)
- Lågast fråvær i Årdal (4,7 prosent), Gloppen og Luster (begge 4,9 prosent)
- Dei viktigaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettplager (32,7 prosent) og psykiske lidingar (25,7 prosent)
- Helsesektoren har høgast sjukefråvær med 9,1 prosent
Fleire tal for sjukefråværet finst på statistikksidene våre.
Eigenmeldt sjukefråvær for heile landet finn du hos Statistisk sentralbyrå.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09