Publisert 27. februar 2025 | Oppdatert 27. februar 2025
Sjukefråværet i Vestland gjekk litt ned og enda på 5,9 prosent i fjerde kvartal. Talet på sjukemeldingar med diagnosen «trøtt og slapp» er langt høgare enn før pandemien.
Det legemeldte sjukefråværet i Vestland gjekk ned frå 6,1 i fjerde kvartal 2023 til 5,9 i same periode i 2024. Dette er på nivå med gjennomsnittet for landet. Andelen langtidssjukemeldte har auka frå 9 til 11 prosent av det totale fråværet.
Totalt utgjorde fråværet i fylket over 1 million tapte dagsverk i dei tre siste månadene av 2024. Dei vanlegaste diagnosane var muskel- og skjelettplager med 33 prosent og psykiske lidingar med 25,1 prosent av fråværet.
Sjukmeldingar grunna luftvegssjukdom har gått ned sidan i fjor og ligg på 8,2 prosent. Motsett utvikling har diagnosen «trøttheit og slappheit», som er nesten dobla frå 2019 til 2024. Det same gjeld psykiske symptom og plager som ikkje er klassifiserbare som ein konkret diagnose.
Samansette plager kan gi lange fråvær
– Eg er særleg uroa over at langtidssjukefråværet stig, og ofte med samansette plager som årsak. Når ein medarbeidar er heilt borte frå jobb lenge, aukar risikoen for å ikkje kome tilbake i arbeid. Difor er det så verdifullt å halde kontakten med arbeidsplassen, seier fylkesdirektør Bjarte Hysing-Olsen i Nav Vestland.
IA-avtalen, som blei signert av partane i arbeidslivet denne månaden, skal bidra til å redusere sjukefråværet. Eit poeng i den nye avtalen er at arbeidstakarar pliktar å medverke til å kome tilbake i jobb som snart det er mogleg. Arbeidsgivarane har og eit omfattande ansvar.
Kunnskapen finst
– Det finst mykje tilgjengeleg kunnskap om korleis arbeidsgivarar kan førebyggje og følgje opp sjukefråvær – det gjeld berre å sette det ut i praksis. Snakk saman om arbeidsoppgåvene, og jobb med tillit og tryggleik på arbeidsplassen. Då ligg ein i forkant og kan unngå lange sjukefråvær, seier Kristin Buhaug, koordinerande rådgivande overlege i Nav Vestland.
Som eit eksempel nemner ho oppfølgingsplanen som arbeidsgivaren skal lage saman med arbeidstakaren innan fire vekers sjukmelding.
– Svært få gjer dette, men ein god oppfølgingsplan kan være til stor hjelp for fastlegane når dei møter den som er sjukemeld, Arbeidsgivarar kan finne støtte til arbeidet hos både Nav arbeidslivssenter, idebanken.org og på nav.no, seier Buhaug.
Fakta om sjukefråvær i Vestland, fjerde kvartal 2024
- Høgast fråvær i Askøy (7,1 prosent), Øygarden og Solund (begge 7 prosent)
- Lågast fråvær i Aurland (3,7 prosent) og Gloppen (4,2 prosent)
- Dei vanlegaste årsakene til sjukemelding er muskel- og skjelettplager (33 prosent) og psykiske lidingar (25,1 prosent)
- Helse- og sosialtenester har høgast sjukefråvær med 8,6 prosent
Fleire tal for sjukefråvær finst på dei nasjonale statistikksidene våre.
Eigenmeldt sjukefråvær for heile landet finn du hos Statistisk sentralbyrå.
For kommentar til meldinga, kontakt
Bjarte Hysing-Olsen, fylkesdirektør i Nav Vestland, 48 24 73 18
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, 97 08 92 09