Hjelpemiddel
Hjelpemiddel på bad
Laust og fastmontert utstyr på bad som bidrar til at du som har vansker med bevegelse og forflytning blir meir sjølvstendig.
Du kan ha rett på hjelpemiddel til bad viss du har vanskar med rørsle, bevegelse og forflytning. Det kan vere nedsatt funksjon i hand eller arm, nedsatt balanse, nedsatt gangfunksjon eller dårleg rekkevidde frå rullestol.
For å få hjelpemiddel av Nav, må utstyret bidra til at du blir meir sjølvstendig. Det finnast mange ulike hjelpemiddel for bad, men felles for dei er at dei handlar om å kunne ivareta personleg hygiene og daglege aktivitetar på badet.
Du kan også få hjelpemiddel som gjer at andre kan hjelpe deg på badet.
Eksempel på aktuelle situasjonar er viss du
- ikkje klarer å reise deg opp frå toalettet
- ikkje klarer å dusje eller tørke deg sjølv
- har falt i dusjen og treng meir støtte
- blir sliten av å stå i dusjen
- ikkje kjem deg opp eller ut av badekar eller dusjkabinett.
Dersom produkt du kan kjøpe i vanleg handel dekker behova dine, vil du ikkje få hjelpemiddelet av Nav hjelpemiddelsentral.
Generelle vilkår:
- Du må ha behov for hjelpemiddelet på grunn av vanskar med bevegelse.
- Funksjonsvansken må vere varig. Med varig meiner vi at vanskane varar i meir enn to år.
- Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstapet, og bidra til at du blir meir sjølvstendig i kvardagen.
- Du må være medlem i folketrygda.
I dette kapittelet
Nav hjelpemiddelsentral kan låne ut lause og fastmonterte hjelpemiddel til bad.
Dersom du har vanskar med bevegelse kan utstyret bidra til at du kan bruke dusj, badekar, toalett og servant, og vere meir sjølvstendig på badet.
Eksempel på fastmontert utstyr er baderomsservant, badekar og dusjvogn med elektrisk regulering i høgda. Vi har også toalett med spyle- og tørkefunksjon og takheis. Når hjelpemidla krev montering, dekker Nav montering og fremlegging av strøm frå eksisterande strømpunkt.
Avhengig av korleis badet ditt er utforma, kan nokon av hjelpemidla kome i konflikt med regler for kor tett elektrisitet og vatn kan vere i høve til kvarandre. Da må ein sjå etter andre løysingar. Ein kommunal ergoterapeut kan bidra med dette.
Lause hjelpemiddel til bad kan vere dusjkrakk, badestol, dusj- og toalettstol, støttestang og mobil personløfter.
Du får låne hjelpemidla av Nav hjelpemiddelsentral.
Nav dekker ikkje
- blandebatteri til vask med hev- og senkfunksjon
- dusjkabinett eller vanleg badekar
- endringar av badet som må gjøres for å få montert hjelpemiddelet. Eksempel på dette er å flytte avløp, skjule elektrisk anlegg, legge inn strøm eller forsterke veggen
- jordfeilbrytar
- oppussing av bad
Fordjup deg
Hjelpemidler på bad (kunnskapsbanken.net)
Oversikt over dei ulike hjelpemidla finn du på FinnHjelpemiddel:
Viss du har hatt reiseutgifter på grunn av utprøving av hjelpemiddel, kan du søke om å få dekka reiseutgifter.
For refusjon av reiser til sjukehus og andre tenester som helseforetaka administrerar, søker du på pasientreiser.no.
Andre tilbod
Meir informasjon til deg som
I dette kapittelet
Ta kontakt med kommunehelsetenesta i kommunen du bur i viss du har behov for hjelpemiddel til bustaden din. Dei vil kartlegge kva slags utstyr du treng og har best nytte av, ut frå funksjonsevnen, omgjevnadene og bustaden.
Dei vil også utforme søknaden for deg.
Det er viktig å vere klar over at fastmontering av hjelpemiddel kan innebere andre bygningsmessige utgifter. Desse dekker ikkje Nav, men du kan undersøke om det er mogleg å søke tilskot i kommunen du bur i. Slike tilskot vurderer ein vanlegvis opp mot kva økonomisk situasjon du er i.
Dette bør du undersøke viss du skal søke om fastmonterte hjelpemiddel på bad
- Finn fram aktuelle planteikningar
- Du bør få hjelp av kommunal hjelpemiddelformidler til å dokumentere noverande løysing med bilete og mål.
- Lag ein oversikt over eksisterande inventar.
- Viss du leiger bolig, må du be huseigar om å godkjenne monteringa.
- Viss du har planar om å byggje om badet, er det lurt å kontakte Nav hjelpemiddelsentral eller kommunen for å få gode råd om varig tilrettelegging.
- Du kan lese meir om tilrettelegging på bad og lære korleis du kan ta riktige mål på kunnskapsbanken.net.
Dersom du skal søke om fastmonterte hjelpemiddel, skal kommunal hjelpemiddelformidlar utforme søknaden for deg.
Ein kommunal hjelpemiddelformidlar kan hjelpe deg å søke også viss du skal søke om lause hjelpemiddel til bolig.
Du kan la ein fagperson (for eksempel kommunal hjelpemiddelformidlar eller ergoterapeut) få fullmakt til å fylle ut og sende inn søknaden på dine vegner. Da vil signaturen din på dette skjemaet erstatte signaturen på sjølve søknadsskjemaet.
Ved søknad om fastmonterte hjelpemiddel, må du signere godkjenningsskjemaet i tillegg til søknadsskjemaet eller eit fullmaktsskjema.
Viss du berre skal ha lause hjelpemiddel til badet, kan du søke om dette sjølv. Ver nøye med å velge rett hjelpemiddel, og legg ved den dokumentasjonen som krevst. Er du usikker, kan du få hjelp av den kommunale ergoterapitenesten.
Ved søknad om lause hjelpemiddel på bad
- Bruk søknadsskjemaet du kjem til ved å klikke på knappen "Søk om hjelpemiddel".
- Viss du søker sjølv bør du legge ved funksjonsbeskrivelse frå ein fagperson (kommunal terapeut).
Ved søknad om fastmonterte hjelpemiddel på bad
Kommunal hjelpemiddelformidlar har tilgang til aktuelle skjema:
- Søkadsskjema med tilleggsskjema T01 (hjelpemidler på bad)
- Godkjenningsskjema signert av bebuar og huseigar. Dersom du eig bustaden sjølv, må du signere både som bebuar og huseigar. Riktig godkjenningsskjema finn du saman med tilleggsskjemaet (T01)
- Stadfesting frå fagperson på at du har behov for hjelpemiddelet og kvifor.
- Stadfesting på at nokon har påtatt seg ansvaret for opplæring og oppfølging av hjelpemiddelet.
- Målteikningar (les om dette på kunnskapsbanken.net) må leggjast ved.
- Bilete av eksisterande løysing må leggjast ved.
Er du fagperson?
Vi har eigne løysingar for deg:
Dersom du er fagperson og skal søke hjelpemidler på vegne av ein innbyggjar, må du bruke skjemaoversikten for samarbeidspartnarar for å få tilgang på alle aktuelle skjema. Her vil du finne tilleggsskjema, henvisningsskjema for utprøving og andre skjema som er berekna på fagpersonar og hjelpemiddelformidlarar.
I skjemaoversikten finn du også inngangen til digital behovsmelding og andre digitale løysingar vi tilbyr for samarbeidspartnarar.
Meir informasjon om hjelpemiddel og tilrettelegging som er særleg retta mot fagpersonar, kan du finne på samarbeidspartnar-sidene til nav.no.
Du får skriftleg vedtak når Nav har handsama søknaden din.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak.
I spesielt krevjande saker, eller saker der vi ikkje har fått fullstendige og korrekte opplysningar, kan saksbehandlingstida bli lengre enn det vi først oppgav.
Leveringstid for hjelpemiddelet kjem i tillegg til saksbehandlingstida.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad om hjelpemiddel til daglegliv | 17 dagar |
Søknad om hjelpemiddel til arbeidsliv | 21 dagar |
Når Nav hjelpemiddelsentral fattar vedtak, bestiller vi prosjektering frå leverandør.
Nav hjelpemiddelsentral, kommune og leverandør, samarbeider med deg om å finne ei løysing som passar for deg i bustaden din.
Nav hjelpemiddelsentral får eit pristilbod frå leverandøren, godkjenner dette og bestiller hjelpemiddelet.
Dokumentasjon og eventuelle bygningsmessige endringar, må du ta deg av sjølv.
Leverandør avtaler tidspunkt for levering og montering med deg. Leverandør skal gje deg opplæring ved overlevering. Dersom du treng meir opplæring må du kontakte kommunen.
Det er ditt eller huseigar sitt ansvar å ta vare på utstyr eller bygningselement som vert demontert.
Leverandøren skal informere deg om kva du eventuelt må gjere i forkant av montering.
Får du avslag på søknaden din, kan du klage til Nav hjelpemiddelsentral. Du må ha sendt ein søknad som er blitt handsama for å kunne klage. Du kan ikkje klage på munnleg avslag.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du skal gå fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist.
Anke vedtak
Viss du har fått eit vedtak frå Nav klageinstans som du meiner er feil, kan du med nokon unnatak anke. I vedtaket kan du lese om fristen for å anke.
Du kan også bruke advokat eller gje fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til Nav-eining | 17 veker |
Klage til Nav klageinstans | 5 månader |
Anke til Nav klageinstans | 5 månader |
I dette kapittelet
Gi Nav hjelpemiddelsentral eller kommunen beskjed dersom det skjer endringar i livet ditt som vi bør vite om. Det kan for eksempel vere om du flytter, både internt i kommunen eller fylket, ut av landet eller på institusjon.
Dersom Nav skal flytte fastmontert utstyr, for eksempel fordi du flytter eller bytter skule, bør du starte prosessen i god tid. Ta kontakt med kommunal terapeut for mellom anna å få kartlagt nytt rom, vurdert om det må søkjast nytt utstyr og underskrift av huseigar.
Dersom du ikkje lenger skal bruke hjelpemiddelet, skal du levere det tilbake. Kommunen kan hjelpe deg med dette.
Du har sjølv ansvar for testing, reingjering og enkelt vedlikehald av hjelpemidla dine.
Dersom hjelpemiddelet går i stykker, tek du kontakt med teknikar i kommunen du bur i. Reparasjonar må utførast av fagfolk.
Behov for akutt reparasjon
Ta først kontakt med kommunen.
Utanom opningstid og ved akutte behov, kan du ringe Nav hjelpemiddelsentral sin servicetelefon for reparasjon av hjelpemiddel:
- Telefonnummer: 917 81 122
- Opningstid kvardagar: klokka 15:30–24:00
- Opningstid helger og heilagdagar: klokka 08:00–24:00.
Når du ringer Servicetelefonen vil du kome i kontakt med ein av våre teknikarar. Dei vil vurdere situasjonen ut frå situasjonsskildringa di, og avtale med deg kva som skal gjerast vidare.
Viss du ikkje skal bruke hjelpemiddelet lenger, skal du levere det tilbake. Ta kontakt med kommunen eller Nav hjelpemiddelsentral for å få hjelp til demontering.
Fastmonterte hjelpemiddel kan ikkje byttast som andre hjelpemiddel. Det er behov for ny søknad med nye mål og signaturar dersom du treng noko nytt. Dette har samanheng med at regelverk og sortiment kan ha endra seg sidan forrige gong du søkte.
Oppdatert 13.11.2024
Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan óg sende spørsmål.