Om Nav
Kva er Nav?
Nav er namnet på Arbeids- og velferdsforvaltninga. Les om kva Nav er, korleis vi er organiserte, og korleis vi jobbar for å løyse samfunnsoppdraget vårt.
Innhald på sida
I Nav samarbeider stat og kommune om å tilby éi dør inn til dei offentlege arbeids- og velferdstenestene.
Navs samfunnsoppdrag er å bidra til sosial og økonomisk tryggleik og fremme overgang til arbeid og aktivitet. Målet er å skape eit inkluderande samfunn, eit inkluderande arbeidsliv og ein velfungerande arbeidsmarknad.
Nav er ein viktig del av tryggingsnettet i velferdsstaten. Vi skal bidra til at fleire kjem i arbeid og færre går på stønad, og samtidig sørge for at dei som treng det er sikra inntekt og økonomisk tryggleik gjennom rett pengestøtte til rett tid.
For å løyse dette samfunnsoppdraget forvaltar Nav om lag ein tredel av statsbudsjettet, gjennom ordningar som arbeidsretta tiltak, dagpengar, arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, pensjon, økonomisk sosialhjelp, foreldrepengar, barnetrygd og kontantstøtte.
Navs tenester, ytingar og stønader
Nav tilbyr tenester, ytingar og stønader til både privatpersonar og arbeidsgivarar. For å sikre heilskaplege tenester, samarbeider vi tett med arbeidslivet, kommune-, helse- og utdanningssektoren, andre statlege verksemder og frivillige aktørar.
Nav skal bidra til ein velfungerande arbeidsmarknad, der fleire kjem i arbeid og færre fell varig ut av arbeidslivet.
Er du arbeidsledig og har problem med å finne jobb på eiga hand, får du hjelp frå Nav. Vi tilbyr arbeidsretta tiltak og individuell rettleiing viss du treng det, og meir omfattande oppfølging og tiltak om du slit med å komme inn på arbeidsmarknaden. Det gjeld både om du manglar utdanning eller kompetanse, har hol i CV-en eller om du treng hjelpemiddel eller tilrettelegging for å fungere godt i jobb.
Arbeidsgivarane er dei viktigaste medspelarane våre for å skape eit godt og inkluderande arbeidsliv. Vi tilbyr mellom anna rekrutteringstenester, samarbeid om opplæringstiltak og tilrettelegging, ulike former for støtteordningar og tilskot, og bistand til oppfølging ved sjukefråvær. Nav følger arbeidsmarknaden tett, og legg til rette for å tilføre arbeidsmarknaden etterspurd kompetanse og flytte arbeidskrafta dit behovet er størst.
Nav har ein stor database med ledige stillingar, og tilbyr også møteplassar for bedrifter og jobbsøkarar, mellom anna jobbmesser. Gjennom EURES-samarbeidet tilbyr vi formidling av jobbar i heile EØS-området.
Vil du vite meir?
Nav har ansvar for til saman meir enn 60 ulike pengestøtter. Navs pengestøtter skal gi økonomisk tryggleik ved å sikre inntekt og kompensere for særlege utgifter i ei rekke ulike livssituasjonar.
Viktige pengestøtter er dagpengar, sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og alderspensjon. Vi har også ansvar for fleire pengestøtter for familiar, som foreldrepengar, kontantstøtte, barnetrygd og stønad til einslege forsørgjarar.
Vil du vite meir om Navs pengestøtter?
Pengestøtter og tjenester fra A til Å
Kommunen har ansvar for å tilby sosiale tenester ved Nav-kontoret. Kva tenester kommunen tilbyr via Nav-kontoret varierer, men alle kommunar skal tilby
- økonomisk sosialhjelp
- kvalifiseringsprogrammet
- opplysning, råd og rettleiing, inkludert økonomisk rådgiving
- foreløpig butilbod
- individuell plan
Vil du vite meir?
Navs strategi tar utgangspunkt i samfunnsoppdraget vårt, og korleis vi skal jobbe for løyse det i åra som kjem.
Vi har tre hovudambisjonar fram mot 2030:
- Vi mobiliserer arbeidskraft i eit arbeidsliv i omstilling.
- Alle får pengane dei har krav på – enkelt og føreseieleg.
- Saman finn vi løysingar med dei som treng det mest.
Ambisjonane skal bidra til å løyse utfordringane som er identifiserte og gi Nav retning dei neste åra.
Nysgjerrig på kva som ligg i desse ambisjonane? Svaret finn du i strategien vår:
Navs strategi
Om Nav
I dette kapittelet
Arbeids- og velferdsforvaltninga (Nav) er ei landsdekkjande offentleg verksemd, og består av både kommunale og statlege tenester.
Nav består av den statlege arbeids- og velferdsetaten og partnarskapet med kvar enkelt kommune.
Nav har om lag 22 000 medarbeidarar. Av desse er omtrent 15 500 tilsett i staten, og omtrent 6 500 tilsett i kommunane.
Arbeids- og velferdsetaten er eit statleg forvaltningsorgan. Etaten består av Arbeids- og velferdsdirektoratet, og fire linjer som ligg utanfor sjølve direktoratet:
- arbeids- og tenestelinja
- ytingslinja
- økonomilinja
- klage- og ankelinja
Direktoratet har ansvar for å styre, leie og utvikle etaten. Linjene har ansvar for Navs tenester og daglege drift, mellom anna ved å behandle søknader, gjere vedtak, gi råd og rettleiing, utbetale pengar, føre rekneskap og behandle klagar.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har ansvar for å styre, leie og utvikle Nav, på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Direktoratet har overordna ansvar for at Nav når måla og resultata i dette oppdraget, og for å gjennomføre arbeidsmarknads-, trygde- og pensjonspolitikken.
Arbeids- og velferdsdirektoratet er fagdirektorat for arbeids- og velferdsområdet, og for dei kommunale sosiale tenestene. Det betyr at direktoratet har nasjonalt fagansvar, forvaltar og tolkar lovverket og sørger for at politiske føringar blir sett ut i praksis.
Direktoratet er organisert i åtte avdelingar:
- kunnskapsavdelinga
- kommunikasjonsavdelinga
- HR-avdelinga
- IT-avdelinga
- arbeids- og tenesteavdelinga
- ytingsavdelinga
- økonomi- og styringsavdelinga
- juridisk avdeling
Fire av desse avdelingane, økonomi- og styringsavdelinga, juridisk avdeling, arbeids- og tenesteavdelinga og ytingsavdelinga, har underliggjande einingar utanfor direktoratet som utfører Navs kjerneoppgåver.
Dei underliggjande einingane rapporterer til Arbeids- og velferdsdirektoratet. Direktoratet rapporterer til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Arbeids- og tenestelinja er sett saman av fylkesledda i Nav, den statlege delen av Nav-kontora og andre einingar som ligg i denne linja.
Arbeids- og tenestedirektøren i Arbeids- og velferdsdirektoratet er leiar for linja.
Nav hjelpemiddel og tilrettelegging
Nav hjelpemiddel og tilrettelegging legg til rette for at personar med ulike former for funksjonsnedsettingar kan meistre kvardag og jobb og ha eit aktivt, sjølvstendig liv.
Vi tilbyr individuell tilrettelegging ved hjelp av opplæring, rehabilitering, tilpassing av hjelpemiddel, personleg assistanse og andre støttetiltak.
Området består mellom anna av atten hjelpemiddelsentralar.
Hjelpemiddel og tilrettelegging
Nav kontaktsenter
Nav kontaktsenter (NKS) er Navs faglege førstelinje på telefon, chatbot/chat, Skriv til oss og sosiale medium.
Kontaktsenteret får rundt 5,4 millionar førespurnader i året. Det svarer til 16 000–20 000 førespurnader kvar dag.
Vi svarer på førespurnader om arbeid, helse, familie, pensjon, uføretrygd eller sosiale tenester. Vi har i tillegg eigne tenester for mellom anna arbeidsgivarar, legar/behandlarar, økonomisk rådgiving og teknisk brukarstøtte.
I NKS jobbar empatiske og fagleg dyktige rettleiarar som gir svar ved første kontakt i om lag 70 prosent av førespurnadene.
Vi gir også rettleiing og støtte i bruk av tenestene Nav tilbyr på nett. Viss du treng å snakke med andre i Nav, set vi deg i kontakt med rett person.
NKS består av 12 kontaktsenter fordelte på heile landet, med om lag 1 000 medarbeidarar. NKS blir koordinert av ei styringseining som har hovudkontor i Bodø.
Nav fylke
Nav har tolv fylkes-/regionskontor med kvar sin direktør.
Fylkeskontora følgjer opp, koordinerer og støttar lokalkontora og andre spesialeiningar som fylket har ansvaret for, gjennom resultatmåling, opplæring og kompetansedeling.
Nav-kontor
Nav-kontoret er det fysiske møtepunktet mellom brukarar og Nav, og døra inn til arbeids- og velferdstenester i stat og kommune.
På Nav-kontor i kommunar og bydelar over heile landet samarbeider statlege og kommunale tilsette om å gi gode og heilskaplege tenester til brukarane.
Finn Nav-kontoret ditt (innlogga)
Nav arbeidsrådgiving
Nav arbeidsrådgiving supplerer lokalkontora til Nav, og gir tilbod til brukarar som har behov for tenester utover det lokalkontora kan tilby.
Arbeidsrådgivingskontora skal gjere det enklare for brukarar med helseutfordringar, psykiske eller sosiale utfordringar å komme inn i arbeidslivet. Arbeidssøkarar med muskel- og skjelettlidingar eller lese- og skrivevanskar blir ofte viste hit.
Det er eitt arbeidsrådgivingskontor i kvart fylke.
Nav arbeidslivssenter
Nav Arbeidslivssenter er eit ressurs- og kompetansesenter for inkluderande arbeidsliv, og hjelper verksemder med å oppnå måla i avtale om eit inkluderande arbeidsliv. Det vil seie å redusere sjukefråvær, og å rekruttere og halde på arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.
Det er eitt arbeidslivssenter i kvart fylke.
EURES-tenesta i Nav
Nav deltek i EURES-nettverket (European Employment Services). Det fremmar fri bevegelse av arbeidskraft innanfor EØS-området.
Nav kan hjelpe arbeidsgivarar med å rekruttere arbeidskraft frå EU/EØS-landa og Sveits, og arbeidssøkjarar med å søke jobb i EU/EØS og Sveits.
EURES er ei integrert teneste i marknadsarbeidet til Nav.
Tenester og funksjonar som Nav kan utføre på regionalt eller nasjonalt nivå er samla i ytingslinja.
Ytingslinja er organisert i tre resultatområde som har nasjonalt ansvar på ulike område.
Kvart resultatområde blir leidd av ein direktør som rapporterer til ytingsdirektøren i Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Alle einingar har ansvaret for både innanlands- og utanlandssaker.
Nav arbeid og ytingar
Nav arbeid og ytingar har ansvar for å behandle søknader om ulike ytingar og hjelpemiddel.
Dei fleste av sakene gjeld arbeidsrelaterte ytingar som dagpengar, arbeidsavklaringspengar, sjukepengar, lønnsgaranti ved konkurs og stønad til einsleg mor eller far, men einingane har også ansvaret for andre område som uføretrygd og grunn- og hjelpestønad.
Nav familie- og pensjonsytingar
Nav familie- og pensjonsytingar skal bidra til å sikre velferd for barn og foreldre, pensjonistar og brukarar som har fått yrkesskade eller yrkessjukdom.
Det inneber mellom anna saksbehandling og ansvar for folketrygdas pensjonar og barnetrygd, kontantstøtte og barnebidrag.
Nav kontroll
Nav kontroll førebygger, avdekker, greier ut og melder om trygdesvindel og kriminalitet i arbeidslivet.
Nav kontroll har også ansvar for å behandle saker om medlemskap i folketrygda og trygdeavgift, og dessutan store oppgåver knytt til registerforvalting.
Økonomilinja er sett saman av økonomieiningane Nav økonomi stønad, Nav økonomi pensjon og Nav økonomiteneste.
Økonomilinja har mellom anna ansvar for utbetaling og rekneskapsoppgåver for alle ytingar, og utbetaler lønn til dei tilsette i etaten.
Linja blir leidd av økonomi- og styringsdirektøren i Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Nav økonomi stønad
Hovudoppgåvene til Nav økonomi stønad er å utbetale og føre rekneskap for alle ytingar/stønader i Nav, unntatt pensjon og uføretrygd.
Nav økonomi pensjon
Hovudoppgåvene til Nav økonomi og pensjon er å utbetale pensjonar og uføretrygd, og å levere korrekt rekneskap for desse ytingane.
Nav økonomiteneste
Nav økonomiteneste er ein intern tenesteleverandør som leverer landsdekkande økonomifunksjonar til Nav.
Vi utbetaler lønn til statlege Nav-tilsette, er sentralt fakturamottak for Nav og fører rekneskap for stønader og drifta av Nav. I tillegg gjer vi ei rekkje rekneskaps- og rapporteringsoppgåver.
Klage- og ankelinja består av Nav klageinstans. Direktøren for Nav klageinstans rapporterer til juridisk direktør i Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Nav klageinstans behandlar alle klage- og ankesakene i Nav på over 40 ulike stønadsområde.
Vi bidrar også til å auke kompetansen i einingane som gjer vedtak ved å gi tilbakemelding om kvaliteten i dei sakene dei har til behandling. Vi behandlar også alle serviceklagar.
Organisasjonskart og oversikt over leiinga
Gjennom partnarskapet i Nav samarbeider stat og kommune om å tilby éi dør inn til dei offentlege arbeids- og velferdstenestene. Stat og kommune har felles ansvar for drifta av Nav-kontora, og skal sikre eit samordna og godt tilgjengeleg tenestetilbod.
Stat og kommune har sjølvstendig ansvar for kvar sine tenester. Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for dei statlege arbeids- og velferdstenestene innanfor arbeid, trygd og pensjon, medan kommunane har ansvar for dei sosiale tenestene.
Partnerskapet i Nav
Om Nav
I dette kapittelet
Oppdraget til Arbeids- og velferdsdirektoratet er nærare omtalt i instruksen og i tildelingsbreva vi får årleg frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Tildelingsbreva set mål, hovudprioriteringar, rammer og retningslinjer for Arbeids- og velferdsdirektoratet, og stiller samtidig midlar til rådigheit for arbeidet til etaten.
På regjeringa.no finn du oversikt over tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar.
Årsrapporten er Navs samandrag av 2023 og inneheld mellom anna skildring av viktige hendingar, kva mål vi har oppnådd og rekneskapen til etaten. I årsrapporten for 2023 kan du lese om kva pengane vi forvaltar blei brukte til, kva prioriteringar vi gjorde og korleis samfunnsutviklinga vil påverke Nav framover.
Saman med årsrapporten publiserer vi:
Nav jobbar kontinuerleg med statistikk, analysar, forsking og utvikling (FoU). Kunnskapen dannar grunnlaget for avgjerdene og tilrådingane vi gir i kraft av rolla vår som fagdirektorat på arbeids- og velferdsområdet.
Navs FoU-arbeid skal gi eit solid kunnskapsgrunnlag. FoU-planen vår beskriv korleis vi skal jobbe med FoU framover og dei tematiske satsingsområda våre.
Arbeid og velferd er Navs eige fagtidsskrift som blir gitt ut tre gonger i året. Fagtidsskriftet inneheld analysar av utviklinga på arbeidsmarknaden, og analysar av ulike tema innan dei velferdsområda Nav har ansvar for.
Nav er ein av Noregs største leverandørar av offisiell og offentleg statistikk. Statistikk frå Nav gir eit objektivt kunnskapsgrunnlag for analysar og forsking på arbeids- og velferdsområdet. Vi tilbyr aggregert statistikk, opne data og individdata til forskarar. I tillegg publiserer vi aggregert statistikk på dei fleste ytingane i folketrygda og arbeidsmarknaden. Les meir om praksis, rutinar og retningslinjer rundt offisiell og offentleg statistikk frå Nav.
Vil du vite meir?
Tillitsreforma er prosjektet til regjeringa for å utvikle og fornye offentleg sektor. Hos oss i Nav vil reforma handle om å gje medarbeidarar tillit til å bruke fagkunnskapen sin og ha eit handlingsrom til å finne gode løysingar saman med brukarane.
Måla våre med tillitsreforma i Nav
- Vi gir medarbeidarane våre større rom til å utvikle og bruke fagkunnskapen og kompetansen sin til å finne rett løysing saman med brukarane.
- Det blir lagd til rette for lokalt forankra tenesteutvikling og etablerast forsøk med større handlingsrom lokalt.
- Vi styrkjer partssamarbeidet i Arbeids- og velferdsetaten, og partssamarbeidet skal skje på alle nivå i tråd med intensjonen i Hovudavtalen i staten og med tilpassingsavtalen til etaten.
- Mål- og resultatstyringa sikrar ein god balanse mellom lokalt handlingsrom og behovet for styring, krav til kvalitet, likebehandling og god forvaltningspraksis.
- Vi vidareutviklar tilliten vi viser i møte med brukarane.
Kva skal til for å nå måla med reforma?
Nav skal nå målet med tillitsreforma gjennom fleire tiltak innan kompetanse, kultur, styring og tenesteutvikling. Rapporten «Tillitsreforma: Tilrådingar til forbetringar» (pdf) trekkjer fram tiltak som skal bidra til at me vidareutviklar tilliten internt og aukar handlingsrommet til medarbeidarane.
Oppdatert 18.11.2024