Individuell jobbstøtte (IPS) er ei kunnskapsbasert tilnærming som i hovudsak blir tilbydd menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem som ønskjer hjelp til å skaffe og behalde vanleg, lønna arbeid.
Individuell jobbstøtte er oversett frå Individual Placement and Support (IPS) og byggjer på ideen om at alle som vil jobbe, kan jobbe viss dei får tilpassa støtte, riktig type jobb og arbeidsmiljø.
Vi tilbyr også individuell jobbstøtte til unge uføre i Bergen, nyankomne flyktningar i Bergen og region Vest, samt til pasientar ved smerteklinikken på Haukeland universitetssjukehus.
I tillegg har vi eit tilbod til deg med angst og/eller depresjon, gjennom Senter for jobbmestring.