Områdeutvalet (brukarutval)
Områdeutvalet er Nav hjelpemiddelsentral Vestland i Bergen sitt forum for samarbeid med brukarorganisasjonane.
Områdeutvalet gjer brukarane høve til å delta i drøftingar og gje råd og innspel for å utvide sentralen sitt grunnlag for avgjersler. På den måten kan organisasjonane bidra til at Nav leverer stadig betre tenester.
Retningslinene for Områdeutvalet er basert på dei sentrale retningslinene for brukarmedverknad i Nav. Brukarmedverknad skal gje brukarrepresentantar høve til å vere blant premissleverandørane ved fastsetting av praksis på systemnivå. Områdeutvalet har ikkje avgjerdsrett.
Områdeutvalet sine oppgåver
- Gje råd i spørsmål som gjeld hjelpemiddelsentralen sine vegval, satsingsområde, prioriteringar, verksemdsplanar og konkrete tiltak retta mot sentralen sitt tilbod til brukarane.
- Fungere som erfaringsbank og ressursinstans når det gjeld opplevd service.
- Fungere som rapportør av faktiske og særleg utilsikta verknadar av regelverk og rutinar.
- Ta initiativ til samarbeids- og informasjonstiltak som brukarane ser behov for.
- Vere kanal for gjensidig openheit og utveksling av informasjon som er viktig for brukarane.
Møteplan 2025
- fredag 7. mars
- fredag 13. juni
- fredag 24. oktober
Under Relatert innhold ligg møtereferat og retningslinjer.