Pengestøtte
Tilskot til ombygging
Økonomisk tilskot til ombygging i staden for rampe og heis, for å oppnå ein varig tilrettelagt bustad.
Innhald på sida
Dersom du ønskjer tilskot til ombygging, må du fylle vilkåra for å få rampe, løfteplattform eller trappeheis. Det vil mellom anna seie at du må ha redusert gangfunksjon. Det kan for eksempel vere fordi du er avhengig av rullestol, eller på andre måtar har vanskar med å gå i trapp.
Funksjonsnedsettinga må ha ein varighet på over to år. For midlertidige problem, skal kommunen hjelpe deg å finne løysingar.
Du kan ikkje få tilskot i tillegg til rampe, løfteplattform eller trappeheis.
Du må vere medlem av folketrygda.
I dette kapittelet
Du kan få pengestøtte til å bygge om bustaden din. Tilskotet gjev ofte betre løysingar enn utlån av hjelpemiddel. Med ombygging kan du få alle rom på eitt plan og etablere eit trinnfritt inngangsparti.
Dette er ei meir varig tilrettelagt løysing enn om du installerar heis eller rampe.
Du kan lese meir om tilskot til ombygging av bustaden din på kunnskapsbanken.net
Tilskot i staden for heis
Med heis meiner vi trappeheis eller løfteplattform.
Viss du ikkje kjem deg opp og ned trappa i boligen din, kan Nav hjelpemiddelsentral installere trappeheis eller løfteplattform mellom to etasjar.
Trappeheis kan vere problematisk for andre som skal bruke trappa, medan ein løfteplattform ofte vil føre til plassproblem og uønska inngrep i tak og vegg.
Å byggje om slik at du får alle nødvendige rom på eitt plan, kan ofte vere ei meir varig og praktisk løysing.
Tilskot i staden for rampe
Rampe er eit mykje bruka hjelpemiddel for å kompensere for høgdeforskjell mellom bakkenivå og inngangsparti. Ofte kan ein oppnå ei meir estetisk, hensiktsmessig og varig løysing på problemet ved å heve bakkenivået i staden for å installere rampe.
Tilskotet du kan få av folketrygda (Nav) vil ikkje dekke alle kostnadane ved ei ombygging. Du bør difor finne ut av kor store kostnadane vil bli. Dersom du ikkje har nok oppsparte midler eller kan få lån i eigen bank, bør du undersøke om kommunen din eller Husbanken har ordningar som også kan bidra.
Tilskotet for heis tilsvarar det heisen ville ha kosta om ho vart installert.
Tilskotet for ramper har to satsar:
Eitt for ramper opptil 40 cm høgdeforskjell.
Maksimumssatsen er 29 700 kroner pluss moms (37 125 kroner med mva).Eitt for ramper over 40 cm høgdeforskjell.
Maksimumssatsen er 53 000 kroner pluss moms (66 250 kroner med mva).
Beløpet skal ikkje vere større enn reelle kostnaden med å lage varig løysing.
Beløpet skal ikkje erstatte allereie eksisterande ordningar fra Husbanken eller kommunen. Tilskotet kan inngå i ein felles finansieringsplan saman med middel frå Husbanken, kommunen og/eller privat bank.
Merk at tilskotet skal kome i tillegg til eventuelle andre ordningar. Når Husbanken eller kommunen vuderar om du kjem innunder ordninga basert på økonomien din, skal tilskotet frå Nav ikkje inngå i utrekningsgrunnlaget.
Samtidig kan ikkje det totale tilskotet frå Nav, Husbanken og kommunen vere meir enn totalkostnaden ved ombygging.
Eit tilskot frå Nav kjem i staden for eit hjelpemiddel som du fyller vilkåra for. Tilskotet skal ikkje gå ut over det hjelpemiddelet kostar. Kostnaden vurderast ut frå gjeldande rammeavtale, og moms er inkludert i kostnadane.
Tilskotet kan ikkje brukast til kjøp eller bygging av ny bustad, eller som flyttetilskot.
Viss du har hatt reiseutgifter på grunn av utprøving av hjelpemiddel, kan du søke om å få dekka reiseutgifter.
For refusjon av reiser til sjukehus og andre tenester som helseforetaka administrerar, søker du på pasientreiser.no.
Andre tilbod
Meir informasjon til deg som
I dette kapittelet
Du bør starte med å ta kontakt med kommunen du bur i. Dei skal kartleggje behov og gjere den første utgreiinga av saka.
Vidare må kommunal terapeut, handverkar eller byggfirma og Nav hjelpemiddelsentral samarbeide om saka.
Sidan tilskotet frå Nav ikkje vil dekke heile løysinga, er det viktig å utarbeide ein finansieringsplan for å sjå om tiltaket er økonomisk gjennomførbart. Det er viktig at du ikkje startar arbeidet før du har fått eit vedtak frå Nav hjelpemiddelsentral.
Løysinga skal vere i tråd med behovskartlegginga og oppfylle regelverk i gjeldande Plan- og bygningslov med teknisk forskrift (TEK). Løysinga skal ha varig kvalitet.
Du kan lese meir om tilskot til ombygging på kunnskapsbanken.net. Her skriv vi utfyllande om utgifter, andre moglegheitar for finansiering og framgangsmåter. Her kan du også sjå eksempel på ombyggingar.
Du kan høyre med din Nav hjelpemiddelsentral om korleis det er best å gå fram når du skal søke. Nav hjelpemiddelsentral kan bistå med råd og rettleiing. For å kunne gi deg nødvendig informasjon om prosessen og nøyaktig tilskotssum, vil vi gjennomføre befaringar saman med deg og kommunal terapeut. Mange kommunar har ei tverrfagleg rettleiingsgruppe for bustadar. Du kan også kontakte den kommunale ergoterapitenesten.
- Funksjonsvurdering frå helsefagpersonell eller ergoterapeut. Denne bør også ta høgde for moglege behov ein må ta omsyn til i framtida.
- Tilleggsskjema T09 som viser dagens situasjon. Kommunal terapeut kan finne tilleggsskjemaet på skjemaoversikten på nav.no.
- Teikningar av huset slik det er i dag, og med mål. Bilete og eventuelt anna materiell frå kartlegginga.
- Detaljerte teikningar med mål av ny løysing.
- Pristilbod frå entreprenør på ny løysing.
Er du fagperson?
Vi har egne ressursar for deg
Dersom du er fagperson og skal søke hjelpemidler på vegne av ein innbyggjar, må du bruke skjemaoversikten for samarbeidspartnarar for å få tilgang på alle aktuelle skjema. Her vil du finne tilleggsskjema, henvisningsskjema for utprøving og andre skjema som er berekna på fagpersonar og hjelpemiddelformidlarar.
I skjemaoversikten finn du også inngangen til digital behovsmelding og andre digitale løysingar vi tilbyr for samarbeidspartnarar.
Meir informasjon om hjelpemiddel og tilrettelegging som er særleg retta mot fagpersonar, kan du finne på samarbeidspartnar-sidene til nav.no.
Får du avslag på søknaden din, kan du klage til Nav hjelpemiddelsentral. Du må ha sendt ein søknad som er blitt handsama for å kunne klage. Du kan ikkje klage på munnleg avslag.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Anke vedtak
Dersom du er ueinig i svaret på klaga di frå Nav klageinstans, kan du med nokre unntak anke vedtaket. Fristen for å anke står i vedtaket.
Du kan også bruke advokat eller gje fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Oppdatert 14.06.2024
Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan óg sende spørsmål.