Pengestøtte
Eingongsstønad
Ein eingongssum i staden for foreldrepengar viss du ventar barn og ikkje har hatt inntekt i minst 6 av siste 10 månader før foreldrepengepermisjonen.
I dette kapittelet
Du kan få eingongsstønad dersom du ikkje har hatt inntekt som gir deg rett til foreldrepengar. Du kan også velje å søke om eingongsstønad sjølv om du har rett til foreldrepengar.
Du kan få eingongsstønad ved fødsel eller adopsjon av barnet.
Det er først og fremst mødrer som har rett til eingongsstønad, men far eller medmor kan få eingongsstønad i nokre tilfelle. Far/medmors tilfelle er beskrive her.
Eingongsstønad er meint å bidra til å dekke nokon av utgiftene i samband med å få barn
Vanlegvis er det to krav du må oppfylle for å få eingongsstønad.
Mor
Viss du er mor kan du få eingongsstønad ved fødsel eller adopsjon av barnet.
Far eller medmor
Viss du er far eller medmor til barnet, kan du i nokre tilfelle få eingongsstønad. Det kan gjelde desse tilfella:
- for kvart barn som du adopterer aleine
- du overtar eller har foreldreansvar for barnet når den andre forelderen døyr. Du må ha hatt mindre samvær med barnet enn det som kallast vanleg samvær (barnelova § 43).
- du overtar omsorga for barnet når mor døyr i samband med fødselen eller omsorgsovertakinga. Eingongsstønad kan ikkje allereie vere utbetalt til mora.
- du har innan 56 veker etter barnet ble fødd eller adoptert overtatt omsorga for barnet, med sikte på å overta foreldreansvaret aleine
Annan omsorgsperson
Viss du er far eller medmor til barnet, kan du i nokre tilfelle få eingongsstønad. Det kan gjelde desse tilfella:
- for kvart barn som du adopterer aleine
- du overtar eller har foreldreansvar for barnet når den andre forelderen døyr. Du må ha hatt mindre samvær med barnet enn det som kallast vanleg samvær (barnelova § 43).
- du overtar omsorga for barnet når mor døyr i samband med fødselen eller omsorgsovertakinga. Eingongsstønad kan ikkje allereie vere utbetalt til mora.
- du har innan 56 veker etter barnet ble fødd eller adoptert overtatt omsorga for barnet, med sikte på å overta foreldreansvaret aleine
Du må vere medlem i folketrygda på tidspunktet for omsorgsovertakinga.
Adopterer du barnet til ektefellen din, har du ikkje rett til eingongsstønad. Det same gjeld dersom du adopterer barn over 15 år.
For å få rett til eingongsstønad må du vere medlem av folketrygda på tidspunktet for termin for fødsel eller omsorgsovertaking viss du adopterer.
Bur du i Noreg, er du vanlegvis medlem av folketrygda. Sjå meir om medlemskap.
For å ha rett til eingongsstønad må du ha vore samanhengande medlem i norsk folketrygd i minst 12 månader rett før termindato eller adopsjonsdato.
Viss vi må avklare om du har medlemskap i folketrygda kan saka ta lengre tid å behandle. I nokre tilfelle der det er stor uvisse rundt medlemskapet kan vi ikkje behandle saka før dato for termin eller omsorgsovertaking.
Medlemskap i folketrygden
Medlemskap i folketrygda
Er du i svangerskapsveke 22 eller meir per 1. oktober 2024
Viss du er i svangerskapsveke 22 eller meir per 1. oktober 2024 er det ikkje krav om 12 månader samanhengande medlemskap i norsk folketrygd, sjølv om termindato er etter 1. oktober 2024. Då er det tilstrekkeleg for å ha rett til eingongsstønad at du er medlem av norsk folketrygd på tidspunktet for fødsel eller omsorgsovertaking.
Eingongsstønad under utanlandsopphald i eit EØS-land
Oppheld du deg i eit EØS-land, vil du kunne få eingongsstønad viss du er medlem i folketrygda under utanlandsopphaldet.
Først må du sjekke om du beheld medlemskapet i folketrygda.
Du har rett til å få utbetalt eingongsstønad viss du får barn under utanlandsopphaldet og du er medlem av folketrygda på tidspunktet for termin for fødsel eller omsorgsovertaking viss du adopterer. Du må ha vore samanhengande medlem i norsk folketrygd i minst 12 månader rett før termindato eller adopsjonsdato.
Eingongsstønad under utanlandsopphald utanfor EØS der Noreg har trygdeavtale
Viss du oppheld deg i eit land Noreg har trygdeavtale med, er det føresegnene i kvar enkelt avtale som avgjer om du vil få eingongsstønad under utanlandsopphaldet.
Først må du sjekke om du beheld medlemskapet i folketrygda.
Det avgjerande for utbetaling av eingongsstønaden under utanlandsopphaldet er om du er omfatta av avtalen. I tillegg må eingongsstønad vere omfatta av avtalen.
Eingongsstønad under utanlandsopphald utanfor EØS der Noreg ikkje har trygdeavtale
Viss du oppheld deg i eit land Noreg ikkje har trygdeavtale med, vil du kunne få eingongsstønad viss du er medlem i folketrygda under utanlandsopphaldet.
Først må du sjekke om du beheld medlemskapet i folketrygda.
Du har rett til å få utbetalt eingongsstønad viss du får barn under utanlandsopphaldet, og du er medlem av folketrygda på det tidspunktet du føder eller adopterer barnet.
Du er student
Viss du studerer i Noreg vil du som hovudregel ha rett til eingongsstønad.
Studerer du i utlandet med lån eller stipend frå Statens lånekasse for utdanning gir det som hovudregel rett til eingongsstønad.
Eg har mista barnet i svangerskapet eller fødsel
Viss du mistar eit barn under svangerskapet eller ved fødsel kan du i nokre situasjonar få utbetalt eingongsstønad, viss du søker om dette.
Alle levandefødde barn, før og etter 22. svangerskapsveke, gir rett til eingongsstønad, også viss barnet døyr kort tid eller rett etter fødselen.
Er barnet dødfødd i 22. svangerskapsveke eller seinare kan du få utbetalt eingongsstønad. Er barnet dødfødd før 22. svangerskapsveke, gir det ikkje rett til eingongsstønad.
Du får utbetalt eingongsstønad for kvart av barna ved tvillingar eller fleirlingar.
Har du som mor søkt foreldrepengar, men saka di er ikkje behandla enno? Då kan du trekke søknaden og i staden søke eingongsstønad. Viss søknaden din om foreldrepengar er behandla og du har fått eit vedtak, kan du ikkje endre til eingongsstønad, sjølv om barnet ditt døyr.
Du kan trekke søknaden om foreldrepengar ved å skrive til oss.
Her kan du finne aktuell informasjon viss du har mista nokon i nær familie.
Har mistet noen i nær familie
Dette kan du ha rett til
Adopterer du barnet til ektefellen din, har du ikkje rett til eingongsstønad. Det same gjeld dersom du adopterer barn over 15 år.
Du kan ikkje få både eingongsstønad og foreldrepengar for same barn.
Du kan velje å søke om eingongsstønad sjølv om du har rett til foreldrepengar. Ver oppmerksam på at når du har fått vedtaket ditt godkjent om den eine pengestøtta, kan du ikkje gjere om på dette valet seinare.
Kva har du rett til?
Du kan ha rett til foreldrepengar i staden for eingongsstønad viss du i minst 6 av siste 10 månader før foreldrepermisjonen startar har hatt inntekt, vore i militæret eller hatt nokon av desse pengestøttene frå Nav:
- arbeidsavklaringspengar
- dagpengar
- sjukepengar
- pleie- eller omsorgspengar
- svangerskapspengar
- foreldrepengar
Er du usikker på kva du kan ha rett til? Bruk vegvisaren og finn ut kva du kan få.
Finn ut om du har rett til foreldrepenger eller engangsstønad
Vegvisar
Forskjellane mellom eingongsstønad og foreldrepengar
Når du får foreldrepengar
- kan far eller medmor ha rett til fedre-/medmorkvote
- blir det trekt skatt av utbetalingane dine
- vil utbetalte foreldrepengar gi deg opptening til andre pengestøtter, som til dømes sjukepengar, dagpengar og arbeidsavklaringspengar
Når du får eingongsstønad
- kan den andre forelderen ha rett til foreldrepengar, men far eller medmor har ikkje rett til fedre-/medmorkvote. Sidan far eller medmor søker om foreldrepengar som ikkje er kvote, er det krav til aktiviteten din. Du kan lesa meir om det under "Når bare far eller medmor har rett".
- blir det ikkje trekt skatt av utbetalinga din
- gir det deg ikkje opptening til andre pengestøtter
I dette kapittelet
Du får ein eingongssum på 92 648 kroner for kvart barn du føder eller adopterer.
Satsane gjeld for fødslar og adopsjonar frå og med 1. januar 2023:
Beløp per barn | 92 648 kroner |
Satsar for fødslar og adopsjonar frå 1. januar 2021 til 31. desember 2022:
Beløp per barn | 90 300 kroner |
Du må seinast søke 6 månader etter at barnet er fødd eller adoptert, elles mistar du som hovudregel retten til eingongsstønad.
Når du tidlegast kan søke avheng av situasjonen og din relasjon til barnet.
Mor
Du kan tidlegast søke om eingongsstønad i 22. svangerskapsveke.
Far eller medmor
Du kan tidlegast søke når du har dato for foreldreansvar eller omsorgsovertaking.
Adopsjon
Du kan tidlegast søke når du har dato for omsorgsovertaking.
Du kan tidlegast søke om eingongsstønad i 22. svangerskapsveke.
Du kan tidlegast søke når du har dato for foreldreansvar eller omsorgsovertaking.
Du kan tidlegast søke når du har dato for omsorgsovertaking.
Det kan vere lurt å sjekke om det er relevant dokumentasjon som skal leggast ved søknaden. Då kan du ha denne klar når du skal søke.
Du kan søke om eingongsstønad digitalt, eller på papirsøknad som du sender i posten.
Du kan også ettersende dokumentasjon i saka di.
Eingongsstønad ved fødsel
Du må du legge ved stadfesting på termindato. Stadfesting på termin får du hos jordmor eller legen din. Stadfestinga må vere datert i 22. svangerskapsveke eller seinare.
Viss barnet er fødd i utlandet og ikkje er registrert i folkeregisteret, må du legge ved fødselsattesten til barnet.
Eingongsstønad ved adopsjon
Du må legge ved stadfesting på datoen du overtok omsorga for barnet, og adopsjonsløyve viss du har fått dette.
Du kan tidlegast få svar på søknaden din når du har levert all nødvendig dokumentasjon i saka.
Du får skriftleg vedtak når søknaden er behandla.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak. Hugs at vi treng all nødvendig dokumentasjon for å behandle søknaden din.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad | 6 veker |
Internasjonal søknad | 3 månader |
Etter du har søkt kan du logge deg inn på Dine Foreldrepenger. Her kan du sjå ei oversikt over saka di, og ettersende vedlegg. Viss du har søkt på papirskjema, kan du sjå status i saka di etter omkring 10 dagar.
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klaga til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Dei vil vurdera saka di på nytt.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Anke vedtak
Dersom du er ueinig i svaret på klaga di frå Nav klageinstans, kan du med nokre unntak anke vedtaket. Fristen for å anke står i vedtaket.
Her kan du lese meir om klage- og ankerettane dine
Klagerettar
Slik gjer du det
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til Nav-eining | 10 veker |
Klage til Nav klageinstans | 12 veker |
Anke til Nav klageinstans | 12 veker |
I dette kapittelet
Du får vanlegvis utbetalt pengane 1 veke etter at søknaden din er innvilga.
I utbetalingsoversikta di kan du sjå utbetalinga på kvelden den dagen pengane er utbetalte.
Feriepengar
Det er ikkje feriepengar på denne stønaden.
Skatt
Det blir ikkje trekt skatt.
Du har plikt til å gi riktige opplysningar til Nav. Du må også melde frå til oss om endringar som kan ha betydning for saka di.
Du kan lese meir om dine plikter her
Du må gi beskjed til Nav viss du flyttar til utlandet, eller reiser til utlandet for ein lengre periode, før tidspunkt for fødsel eller omsorgsovertaking. Dette gjeld sjølv om du allereie har fått utbetalt eingongsstønaden frå Nav.
Du må ikkje gi beskjed til Nav ved vanlege ferieopphald utanfor Noreg.
Oppdatert 06.12.2024
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope
Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan òg sende spørsmål.
Svartida er 3 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.
Spør Nav Foreldrepenger på Facebook
Vi svarer på spørsmål om eingongsstønad.
Ring oss på 55 55 33 33
Ope kvardagar kl. 9–15. Dersom ventetida er over 5 minutt, kan vi ringe deg tilbake.
Sjå fleire telefonnummer og tasteval.