Hjelpemiddel
Ståstativ
Gir støtte til å kome i oppreist stilling.
Dersom du manglar sjølvstendig ståfunksjon eller treng trening i å stå, kan det vere aktuelt med eit ståstativ.
Barn kan få ståstativ til skule, barnehage og fritid. Stativet kan bidra til at du kan delta i frileik med andre barn, og meistre andre aktivitetar i dagleglivet. Barn og unge under 26 år kan også få hjelpemiddelet til trening, aktivisering og stimulering, viss det for eksempel er behov for ståtrening.
Dersom du er over 26 år, kan du få ståstativ for å bli meir sjølvstendig i kvardagen, ved å kunne utføre praktiske aktivitetar i oppreist stilling.
Generelle vilkår:
- Du må ha behov for hjelpemiddelet på grunn av vanskar med bevegelse.
- Funksjonsvansken må vere varig. Med varig meiner vi at vanskane varar i meir enn to år.
- Hjelpemiddelet skal kompensere for funksjonstapet, og bidra til at du blir meir sjølvstendig i kvardagen.
- Du må være medlem i folketrygda.
I dette kapittelet
Ståstativet er ei plate eller ei ramme med brei sokkel, som støtter deg i ståande posisjon. Hovudstøtta kan vere anten foran eller bak deg, slik at du lener brystet eller ryggen mot støtta.
Stativa finnast i ulike variantar til ulike behov. Enkelte ståstativ gjev mykje støtte og kan tilpassast på mange ulike høve. Andre krev at du som skal stå hjelper meir til. Stativ med meir støtter kjem du gjerne opp i frå ryggliggjande stilling, før det hevast opp i ståande. Andre kjem du opp i frå sittande posisjon. Heve- og senkefunksjonen kan vere manuell eller elektrisk. Dei fleste har behov for bistand frå ein følgjeperson eller hjelpar for å kome opp i ståstativet.
Stativet kan vere nyttig for å få overblikk, for å kunne utføre arbeidsoppgåver og for å kunne delta i samtaler og dialogar med andre som står. Det kan også nyttast til ståtrening.
Viss du har hatt reiseutgifter på grunn av utprøving av hjelpemiddel, kan du søke om å få dekka reiseutgifter.
For refusjon av reiser til sjukehus og andre tenester som helseforetaka administrerar, søker du på pasientreiser.no.
Andre tilbod
Meir informasjon til deg som
I dette kapittelet
Til jobb eller høgare utdanning
For hjelpemiddel på jobb, bør du involvere arbeidsgjevar og ei eventuell bedriftshelseteneste.
Ta kontakt med Nav hjelpemiddelsentral, som vil kartlegge behovet for hjelpemiddel og tilrettelegging av arbeidsplassen.
Er du arbeidssøkjar eller har fått innvilga arbeidsavklaringspengar (AAP), kan du saman med rettleiaren din på Nav-kontoret kontakte Nav hjelpemiddelsentral.
Dersom du treng hjelpemiddel ved høgare utdanning, kontaktar du tilretteleggingstenesten ved studiestaden. Du kan også ta direkte kontakt med Nav hjelpemiddelsentral i fylket du studerar i.
Til daglegliv, barnehage og skule
Ta kontakt med den kommunale helsetenesta, for eksempel ein fysio- eller ergoterapeut.
Kommunen du bur i har ansvar for å hjelpe deg med hjelpemiddel og tilrettelegging i heimen, på fritida, i skulen og barnehagen. Har du ein kontaktperson i kommunen, bør du først kontakte denne personen.
Som oftast er det også best at kommunal hjelpemiddelformidlar skriv og grunngjev søknaden på dine vegner. Då vil vedkommande ha ansvar for å bidra med opplæring og oppfølging.
Du må skrive under på søknaden eller på eit fullmaktsskjema.
Sjølv om det kan vere ventetid i kommunen, vil det ofte løne seg å vente framfor å søke sjølv. Dette er fordi ei god utgreiing med ein godt grunngjeven søknad aukar sjansen for at Nav hjelpemiddelsentral får den informasjonen som trengs. Kommunale formidlarar
- er godt kjende med ulike alternativ
- kan kartlegge kva som passar best for deg
- veit kva som trengs av dokumentasjon.
Ein søknad med rett dokumentasjon, utgreiing og grunngjeving vil føre til at Nav hjelpemiddelsentral kan handsame søknaden din raskt.
Du kan la ein fagperson (for eksempel kommunal hjelpemiddelformidlar eller ergoterapeut) få fullmakt til å fylle ut og sende inn søknaden på dine vegner. Da vil signaturen din på dette skjemaet erstatte signaturen på sjølve søknadsskjemaet.
Viss du ønsker å søke sjølv
Du kan også søke sjølv. Da er det ein del å setje seg inn i:
Når du skal finne hjelpemiddel:
Sjekk at det du treng ikkje er i vanleg handel. Nav dekkjer ikkje vanlege produkt du får kjøpt i butikk.
Sjå etter produkt som er på avtale med Nav (finnhjelpemiddel.nav.no)
Produkt rangert som nummer 1 må vurderast først. For å få lågare rangerte produkt, må du grunngje dette spesielt i søknaden.
Du kan få andre hjelpemiddel, viss produkt som er på avtale med Nav ikkje dekkjer behovet ditt. Dette må du grunngje spesielt i søknaden.
Dette må søknaden din innehalde:
- Forklar behovet ditt, og grunngje kvifor du treng dette hjelpemiddelet.
- Det må kome fram at ein person har påtatt seg eit opplærings- og oppfølgingsansvar for hjelpemiddelet overfor deg som skal bruke det. Som oftast er dette ein kommunal terapeut, men viss du søker utan hjelp fra kommunen har du høve til å føre opp deg sjølv. Nav hjelpemiddelsentral vil vurdere i kvart enkelt tilfelle om det er tilstrekkeleg.
- Treng du hjelp til å vurdere eller prøve ut hjelpemiddel, må du ta kontakt med kommunen.
- Når du skriv ut søknadsskjemaet må du også skrive ut ei førsteside som du legg saman med søknaden. På førstesida du får ut, står adressa du skal sende søknaden til.
- Forklaring frå fagperson (for eksempel kommunal hjelpemiddelformidlar) på kvifor du har behov for hjelpemiddelet.
- Kroppsmål: Høgde, vekt og hoftebreidde (i ståande posisjon)
Er du fagperson?
Vi har eigne løysingar for deg:
Dersom du er fagperson og skal søke hjelpemidler på vegne av ein innbyggjar, må du bruke skjemaoversikten for samarbeidspartnarar for å få tilgang på alle aktuelle skjema. Her vil du finne tilleggsskjema, henvisningsskjema for utprøving og andre skjema som er berekna på fagpersonar og hjelpemiddelformidlarar.
I skjemaoversikten finn du også inngangen til digital behovsmelding og andre digitale løysingar vi tilbyr for samarbeidspartnarar.
Meir informasjon om hjelpemiddel og tilrettelegging som er særleg retta mot fagpersonar, kan du finne på samarbeidspartnar-sidene til nav.no.
Dersom du er ein erfaren hjelpemiddelbrukar og ønsker å søke sjølv, kan det vere aktuelt å be om brukarpass.
Ordninga med brukarpass er for innbyggjarar med erfaring og god innsikt i eigne hjelpemiddelbehov. For å få brukarpass må du gjennomgå opplæring. Meir om brukarpass.
Etter at du har søkt
Du får skriftleg vedtak når Nav hjelpemiddelsentral har handsama søknaden din.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak.
I spesielt krevjande saker, eller saker der vi ikkje har fått fullstendige og korrekte opplysningar, kan saksbehandlingstida bli lengre enn det vi først oppgav.
Leveringstid for hjelpemiddelet kjem i tillegg til saksbehandlingstida.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad om hjelpemiddel til daglegliv | 17 dagar |
Søknad om hjelpemiddel til arbeidsliv | 21 dagar |
Det vil variere kor lang tid det tek å få utlevert hjelpemiddelet. Nav hjelpemiddelsentral leverer hjelpemidla til eit kommunalt lager, og kommunen tek kontakt når dei skal levere det vidare til deg.
Dersom det er behov for tilpassing og opplæring i bruk og vedlikehald av hjelpemiddelet, vil du få det ved utlevering.
Dersom det hastar å få hjelpemiddelet, kan du avtale med Nav hjelpemiddelsentral at du hentar det sjølv.
Viss du ikkje har reservert deg mot digitale meldingar frå staten, vil du få beskjed på SMS eller e-post når Nav hjelpemiddelsentral sender hjelpemiddelet til kommunen. Du vil også kunne følgje status på saka di viss du loggar inn på nav.no med ID-porten.
Får du avslag på søknaden din, kan du klage til Nav hjelpemiddelsentral. Du må ha sendt ein søknad som er blitt handsama for å kunne klage. Du kan ikkje klage på munnleg avslag.
Klage på vedtak
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Anke vedtak
Dersom du er ueinig i svaret på klaga di frå Nav klageinstans, kan du med nokre unntak anke vedtaket. Fristen for å anke står i vedtaket.
Du kan også bruke advokat eller gje fullmakt til ein person som klagar på dine vegner.
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til Nav-eining | 17 veker |
Klage til Nav klageinstans | 5 månader |
Anke til Nav klageinstans | 5 månader |
I dette kapittelet
Du har sjølv ansvaret for normal reingjering og vedlikehald av hjelpemidla dine. Les brukarrettleiinga som følgjer med produktet.
I somme tilfelle kan det vere opplærings- og oppfølgingsansvarleg som har dette ansvaret.
Dersom hjelpemiddelet går i stykker, tek du kontakt med teknikar i kommunen du bur i. Reparasjonar må utførast av fagfolk.
Har du fått hjelpemiddel til arbeidsplassen eller utdanningsstaden, må du ta kontakt med dei som har levert utstyret ved behov for reparasjonar.
Behov for akutt reparasjon
Ta først kontakt med kommunen.
Utanom opningstid og ved akutte behov, kan du ringe Nav hjelpemiddelsentral sin servicetelefon for reparasjon av hjelpemiddel:
- Telefonnummer: 917 81 122
- Opningstid kvardagar: klokka 15:30–24:00
- Opningstid helger og heilagdagar: klokka 08:00–24:00.
Når du ringer Servicetelefonen vil du kome i kontakt med ein av våre teknikarar. Dei vil vurdere situasjonen ut frå situasjonsskildringa di, og avtale med deg kva som skal gjerast vidare.
Meld frå til kommunen viss hjelpemiddelet blir stole. Kommunen vil vurdere om du må politianmelde tjuveriet.
Du kan som regel få nytt hjelpemiddel om det vert stole eller skada.
Du treng ikkje forsikre hjelpemiddel du har fått låne av Nav hjelpemiddelsentral, sidan Nav sjølv dekkjer tap og skade som oppstår.
Viss du skal ha med deg eit hjelpemiddel på utanlandsreise, bør du kontakte Nav hjelpemiddelsentral i forkant for ein gjennomgang av hjelpemiddelet. Dersom hjelpemiddelet blir øydelagt medan du er på reise kan dette vere utfordrande, særleg om du er i utlandet. Ved å planlegge saman før reisa, kan ein førebygge eller redusere mange problem.
Du kan berre bytte til eit tilsvarande hjelpemiddel. Viss hjelpemiddelet ditt er utslitt eller noko er øydelagt, må du sjølv kontakte kommunal serviceteknikar for å få ei vurdering før du kan be om bytte.
Treng du eit anna hjelpemiddel, må du søke på nytt. Er du i tvil om du skal bytte eller søke, kan du eller hjelpemiddelkontakten din i kommunen ta kontakt med hjelpemiddelsentralen der du bur.
Levere tilbake
Dersom du ikkje lenger treng hjelpemiddelet ditt skal du levere det tilbake. Du kan kontakte kommunen eller din lokale Nav hjelpemiddelsentral om dette.
Oppdatert 13.11.2024
Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan óg sende spørsmål.