Pengestøtte
Arbeidsavklaringspengar (AAP)
Sikrar deg inntekt i periodar du har behov for hjelp frå Nav grunna sjukdom eller skade.
Det finnes også informasjon om arbeidsavklaringspengar (AAP) til arbeidsgjevarar og legar og tannlegar eller andre behandlarar.
I dette kapittelet
Som hovudregel kan du ha rett på AAP dersom du innfrir alle føresetnadene under:
- Arbeidsevna di er nedsett med minst 50 prosent grunna sjukdom eller skade.
- Arbeidsevna di er nedsett for alle typar arbeid du er kvalifisert for.
- Du treng behandling for å betre arbeidsevna di, eller hjelp frå Nav for å behalde eller skaffe arbeid.
- Du har vore medlem i folketrygda i minst 5 år samanhengande når du søkjer om AAP.
- Du er mellom 18 og 67 år.
Det er ikkje eit krav at du har fått sjukepengar.
Du må sjølv søkje om AAP. Som hovudregel kan du få AAP tidlegast frå og med den dagen du søkjer, men i spesielle tilfelle kan du få frå ein tidlegare dato.
Det kan gjelde andre reglar dersom
Du kan lese meir om sjukepengar her, dersom du trur at dette er noko du kan ha rett på. Eventuelt ta kontakt med oss viss du er usikker.
Du kan ha krav på sjukepengar dersom du til dømes får dagpengar.
Du vil som hovudregel ikkje opparbeide deg ny rett på sjukepengar så lenge du får AAP.
Sjukepengar frå full stilling
Dersom du har rett på sjukepengar frå full stilling, må du vanlegvis bruke opp retten på sjukepengar før du kan få AAP. Dette gjeld uavhengig av om du er arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande eller arbeidsledig.
Dersom sjukepengegrunnlaget ditt er mindre enn 248 056 kroner, kan du likevel velje mellom sjukepengar og AAP. 248 056 er 2 gongar grunnbeløpet i folketrygda.
Sjukepengar frå deltidsstilling
Dersom du får sjukepengar frå deltidsstilling, kan du kan ha rett på både å få sjukepengar og redusert AAP. Du må søkje om begge ytingane for å få vurdert retten.
Dersom den nedsette arbeidsevna skuldast ein godkjend yrkesskade eller yrkessjukdom, er det tilstrekkeleg at arbeidsevna di er nedsett med minst 30 prosent.
Dersom du har ein yrkesskade eller yrkessjukdom som er godkjend av Nav, held det at du er medlem av folketrygda på tidspunktet du søkjer om AAP.
Dersom du er mellom 62 og 67 år når du søkjer, må du som hovudregel ha hatt 124 028 kroner i pensjonsgivande inntekt året før du fekk nedsett arbeidsevne. Dette svarer til grunnbeløpet i folketrygda. Nav kan gjere unntak.
Det finst to unntak frå hovudregelen om 5 års medlemskap i folketrygda. Desse gjeld dersom du har vore medlem i minst 1 år samanhengande før du søkjer om AAP.
Unntak A:
Du var medlem då du fekk nedsett arbeidsevne, og du har vore medlem lenger, eller like lenge, som du ikkje har vore medlem etter at du fylte 16 år.
Unntak B:
Frå du fylte 16 år, har du hatt mindre enn 5 år totalt der du ikkje har vore medlem i folketrygda.
Dersom du har jobba i eit anna land og tent opp trygdetid der, kan denne tida i visse tilfelle reknast på linje med trygdetid i folketrygda. Dette gjeld berre dersom Noreg har ein avtale med det aktuelle landet. Noreg har slike avtalar med mellom anna EU/EØS-landa. Sjå kva land Noreg har trygdeavtalar med.
Du kan ha rett på AAP etter dei generelle reglane sjølv om du er student. Dersom du har rett på sjukestipend frå Lånekassen, må du bruke opp denne retten før du kan få AAP.
Du kan også ha rett på AAP dersom du som student eller elev i vidaregåande opplæring har avbrote studia heilt på grunn av sjukdom eller skade, og
- studiet eller den vidaregåande opplæringa er godkjend for støtte frå Lånekassen
- det er sannsynleg at du kan kome tilbake til studiet innan 6 månader
Det er ikkje eit krav at
- arbeidsevna din er nedsett for alle typar arbeid
- du har behov for andre tiltak enn medisinsk behandling
Når du søkjer om AAP, må du dokumentere følgjande:
- studiet ditt er avbrote (du får dokumentasjon frå skulen).
- studieprogrammet ditt er godkjent for studielån (du får dokumentasjon frå Lånekassen).
Når du får AAP som student, vil du vanlegvis ikkje få oppfølging frå Nav, men du må sende meldekort.
Dersom du får lån eller stipend frå Lånekassen, har du ikkje rett på AAP i den perioden du har krav på sjukestipend.
Dersom du har søkt om uføretrygd, kan du få AAP i inntil 8 månader medan du ventar på svar. Du må ha avtalt med rettleiaren din at du skal søkje om uføretrygd.
I motsetnad til vanleg AAP, er det ikkje eit krav at du har behov for behandling eller anna hjelp frå Nav (t.d. arbeidsretta tiltak). Du vil vanlegvis ikkje få oppfølging frå Nav, men du må sende meldekort.
Du kan få AAP i inntil 6 månader dersom vi kjem til at sjukdomen eller skaden din vil vere kortvarig. Dette kallar vi «AAP som sjukepengeerstatning».
Dette gjeld deg som:
- ikkje har tent opp rett på sjukepengar
- har minst 50 prosent nedsett arbeidsevne grunna sjukdom eller skade
- sannsynlegvis blir frisk innan 6 månader
- tidlegare har fått anten sjukepengar, AAP eller AAP og deretter foreldrepengar
I motsetnad til vanleg AAP, er det ikkje eit krav at du har behov for behandling eller anna hjelp frå Nav (t.d. arbeidsretta tiltak). Du vil vanlegvis ikkje få oppfølging frå Nav, men du må sende meldekort.
Dersom du er usikker på om du har tent opp ny rett på sjukepengar, kan du ta kontakt med oss.
Dersom du er arbeidssøkjar, kan du halde fram med å få AAP i inntil 6 månader etter at arbeidsevna di er ferdig avklart. I denne perioden kan du jobbe opptil 60 prosent. Det er viktig at du held fram med å sende meldekort.
Dersom du allereie har brukt opp AAP-retten din, må du søkje på nytt.
Du må søkje om AAP på nytt.
- Dersom det er mindre enn 52 veker sidan sist du fekk AAP, skal du halde fram i den gamle perioden med AAP.
- Dersom det er meir enn 52 veker sidan sist du fekk AAP, vurderer vi saka di på nytt etter dei generelle reglane.
Etter foreldrepengane, kan du ha rett på AAP igjen.
Dersom du skal gå direkte frå foreldrepengar til AAP, kan du halde fram med førre AAP utan å søkje. Hugs i så fall å kontakte Nav før den siste utbetalinga av foreldrepengar. Dersom du ønskjer barnetillegg, er det viktig at du gir beskjed også om dette.
Dersom du har hatt eller skal ha ein pause mellom foreldrepengar og AAP, må du søkje om AAP på nytt.
- Dersom det er mindre enn 52 veker sidan sist du fekk foreldrepengar, vil du kunne halde fram i same AAP-periode som sist. Det er i dette tilfellet nok at arbeidsevna di er nedsett med minst 40 prosent.
- Dersom det er meir enn 52 veker sidan sist du fekk foreldrepengar, vil vi vurdere saka di heilt på nytt etter dei generelle reglane.
Vurder ut frå saksbehandlingstida kor tidleg du skal ta kontakt eller sende inn søknad.
- Du kan få 66 prosent av inntekta di opptil 6G (dette svarer til 491 151 kroner).
- AAP blir rekna ut på grunnlag av den pensjonsgivande inntekta du hadde i året før arbeidsevna di blei nedsett med minst 50 prosent.
Summen vi reknar oss fram til, blir delt på 260 (talet på arbeidsdagar i året). Dette beløpet blir då dagsatsen din.
Kor mykje du får utbetalt, avheng av
- kor mykje du jobbar
- om du forsørgjer barn
- om du har rett på både sjukepengar og redusert AAP
- om du overheld aktivitetsplikta
- kva du fører på meldekortet ditt
- om du sender meldekortet innan fristen
- skattetrekket ditt
Slik reknar vi ut AAP
Det finst to måtar å rekne ut beløpet på. Vi vil alltid velje det alternativet som gir deg høgast AAP.
Vi tek utgangspunkt i 66 prosent av inntekta du hadde før arbeidsevna di blei nedsett. Her ser vi på pensjonsgivande inntekt før arbeidsevna di blei nedsett med minst 50 prosent.
Dette vil i dei fleste tilfelle vere inntekta det siste kalenderåret før du blei sjukmeld. Vi bruker anten
- inntekta du hadde det siste året før du blei sjukmeld og arbeidsevna di blei nedsett med minst 50 prosent
eller
- gjennomsnittet av inntekta di dei tre siste åra før du blei sjukmeld og arbeidsevna di blei nedsett med minst 50 prosent
Merk at årsinntekt over 744 168 kroner ikkje blir teken med i utrekninga av AAP. Dette svarer til 6 gongar gjennomsnittet av grunnbeløpet i folketrygda (6G).
Dersom du mangla eller hadde låg inntekt før arbeidsevna di blei nedsett med minst 50 prosent, vil du likevel kunne få ei minste årleg yting. Dette kallar vi for minstesats.
Det avheng av alderen din kor mykje du får i minstesats:
- Dersom du er 25 år eller eldre, er minstesatsen 253 141 kroner i året. Dette svarer til 2,041 gongar grunnbeløpet i folketrygda.
- Dersom du er yngre enn 25 år, er minstesatsen 168 761 kroner i året. Dette svarer til 2/3 av 2,041G (grunnbeløpet i folketrygda). Frå og med den dagen du fyller 25 år blir ytinga oppjustert til 253 141 kroner. Dette svarer til 2,041 gongar grunnbeløpet i folketrygda.
Dersom du har ei inntekt som gir deg eit lågare utrekningsgrunnlag enn minstesatsen, aukar vi utrekningsgrunnlaget til minstesatsen.
Vi deler utrekningsgrunnlaget ditt på 260 (tal på arbeidsdagar i året). Dette er dagsatsen din.
Andre forhold som kan verke inn på utrekninga
Dersom du får AAP med godkjend yrkesskade eller yrkessjukdom, bruker vi inntekta du hadde på skadetidspunktet. Dette gjer vi berre dersom det gir deg eit høgare utrekningsgrunnlag.
Dersom du forsørgjer barn under 18 år, kan du få eit barnetillegg på 37 kroner per barn per dag.
Du kan få barnetillegg for
- eigne barn
- adoptivbarn
- barn du har bidragsplikt for, sjølv om du ikkje betaler bidrag akkurat no
- fosterbarn du har forsørgt dei siste 2 åra (Nav kan gjere unntak frå kravet om 2 års forsørging dersom fosterordninga er forventa å vare i 2 år eller meir, til dømes dersom du får barnetrygd for barnet.)
Dersom du er borgar i Noreg, EU/EØS eller Sveits
Du kan ha rett på barnetillegg dersom barnet bur i Noreg, EU/EØS-området eller Sveits.
Dersom barnet ditt oppheld seg utanfor desse områda i meir enn 90 dagar i ein periode på 12 månader, har du ikkje lenger rett på barnetillegg.
Du må melde frå til oss dersom barnet ditt er eller skal vere utanfor Noreg, EU/EØS-området eller Sveits i meir enn 90 dagar i ein periode på 12 månader.
Dersom du ikkje er borgar i verken Noreg, EU/EØS eller Sveits
Du kan ha rett på barnetillegg dersom barnet bur i Norden.
Du må melde frå til oss dersom barnet er eller skal vere utanfor Norden.
Feriepengar og bonusar frå arbeidsgivar påverkar ikkje AAP-utbetalinga di.
Dersom du har fått pengar i form av t.d. ein sluttpakke eller sluttkompensasjon frå arbeidsgivar, vil AAP bli redusert med tilsvarande beløp.
Hugs at du må gi beskjed til oss dersom jobbsituasjonen din endrar seg.
Dersom du får både AAP og uførepensjon, kan uførepensjonen din bli redusert medan du tek imot AAP.
Du må sjølv søkje om uførepensjon. Du kan kontakte tenestepensjonsordninga for meir informasjon om dette.
Du kan som hovudregel få AAP i inntil 3 år.
Kor lenge du får AAP avheng av kor lang tid du må vere i arbeidsretta aktivitet eller gjennomføre medisinsk behandling før du kan jobbe.
Når AAP-perioden din nærmar seg slutten, vil vi vurdere om du kan få forlenging i inntil 2 år. Du treng ikkje å søkje om forlenging. Dersom vi treng opplysningar om deg, vil vi kontakte deg om dette.
Du kan ha rett på forlenging i følgjande situasjonar:
- Du er allereie i jobb og er nær ved å kunne auke arbeidsevna di. Du må kunne oppnå ei arbeidsevne på meir enn 50 prosent.
eller
- Du er nær ved å kunne skaffe deg eller kome tilbake i jobb. Du må kunne oppnå ei arbeidsevne på meir enn 50 prosent.
eller
- Du skal fullføre eit opplæringstiltak du har starta. Det blir i dette tilfellet ikkje stilt krav om at du oppnår ei arbeidsevne på meir enn 50 prosent.
Dersom du ikkje har rett på forlenging etter 3 år, eller du har brukt opp forlenginga di, kan du søkje om ein ny periode med AAP.
Du må framleis ha minst 50 prosent nedsett arbeidsevne som følgje av sjukdom eller skade, og ha behov for behandling, tiltak eller anna oppfølging frå oss for å kome tilbake i jobb.
Tilleggsstønader til dekning av utgifter
Dersom du deltek i tiltak eller utdanning som Nav har godkjent, kan du få dekt delar av utgiftene du har i samband med desse aktivitetane.
Du kan få dekt:
- læremiddel
- daglege reiseutgifter
- reiser til obligatoriske samlingar
- utgifter til heimreiser
- flytteutgifter
- barnetilsyn
- ekstrautgifter til bustad
Reisestønad når du er sjuk eller skadd
Dersom du ikkje kan reise på vanleg måte til og frå arbeids- eller undervisningsstaden grunna sjukdom eller skade, kan du søkje om reisestønad.
Støtta dekkjer utgifter til reise utover dei vanlege reiseutgiftene dine. Du får dette i staden for AAP.
Bustøtte frå Husbanken
Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge buutgifter. Les meir om bustøtte (husbanken.no).
I dette kapittelet
For at vi skal vurdere om du har rett til AAP, må du søkje om det. Du kan som hovudregel tidlegast få AAP frå den dagen du søkjer.
Dersom du allereie får anna pengestøtte frå Nav (t.d. sjukepengar), bør du søkje om AAP i god tid før pengestøtta blir avvikla.
Du treng ikkje søkje dersom du er EU/EØS-borgar eller sveitsisk statsborgar og skal opphalde deg innanfor EU/EØS eller Sveits.
Dersom du ikkje kan reise på vanleg måte til og frå arbeids- eller undervisningsstaden grunna sjukdom eller skade, kan du søkje om reisestønad.
Støtta dekkjer utgifter til reise utover dei vanlege reiseutgiftene dine. Du får dette i staden for AAP.
Dersom du allereie får arbeidsavklaringspengar, kan du søkje om å få behalde desse under etablering av eiga verksemd.
Du kan behalde AAP i ein utviklingsfase på inntil 6 månader, og ein oppstartsfase på inntil 3 månader.
Du må søkje før bedrifta startar opp, og du må fylle ut skjemaet om næringsfagleg vurdering av etableringsplanar.
Søknad om AAP under etablering av eiga verksemd (utviklingsfase)
Dersom du allereie får arbeidsavklaringspengar, kan du søkje om å få behalde desse under etablering av eiga verksemd.
Du kan behalde dei i ein utviklingsfase på inntil 6 månader. Du må søkje før bedrifta startar opp.
Søknad om AAP under etablering av eiga verksemd (oppstartsfase)
Dersom du allereie får arbeidsavklaringspengar, kan du søkje om å få behalde desse under etablering av eiga verksemd.
Du kan behalde dei i ein oppstartsfase på inntil 3 månader. Du må søkje før bedrifta startar opp.
Næringsfagleg vurdering av etableringsplanar
Vurderinga må gjerast av fylkeskommunen/kommunen eller ein annan kompetent instans.
Etter at du har søkt
Viss du loggar inn på nav.no, kan du sjå om vi har fått søknaden.
Dersom vi manglar noko, vil vi be deg, fastlegen din eller andre om å sende inn opplysningane vi treng. Dersom vi ikkje får den nødvendige dokumentasjonen vi ber om, risikerer du å få avslag. Vi vil ikkje avslå søknaden din utan først å gi deg beskjed om at det manglar noko.
Når vi behandlar søknaden din, må vi vite kva utdanning og arbeidserfaring du har. Du bør difor registrere og oppdatere CV-en din samstundes som du søkjer. Dette gjeld også deg som skal tilbake til arbeidsgivaren din.
Brev om arbeidsevnevurdering
Rettleiaren vil saman med deg vurdere kva jobbmoglegheiter du har. Dette blir kalla ei arbeidsevnevurdering. Les meir om korleis vi utfører ei arbeidsevnevurdering.
Dersom du har kommentarar til arbeidsevnevurderinga vi har gjort, kan du gi tilbakemelding til oss, til dømes gjennom dialogtenesta i aktivitetsplanen.
Vedtak om oppfølging frå Nav (14a-vedtak)
Eit oppfølgingsvedtak er ei vurdering frå oss på kva hjelp du treng for å kome i eller tilbake i jobb. Dette vedtaket handlar ikkje om pengar.
Oppfølgingsvedtaket seier noko om
- moglegheitene og hindringane dine for å kome i inntektsgivande arbeid
- behovet ditt for arbeidsretta aktivitetar
- målet med desse aktivitetane
- kva vi skal bidra med
Oppfølgingsvedtaket inneheld éin av desse konklusjonane:
- Du kan kome i arbeid utan hjelp frå oss.
- Du kan kome i arbeid med litt hjelp frå oss.
- Du kan kome i arbeid med mykje hjelp frå oss.
- Moglegheitene dine for inntektsgivande arbeid er små.
Du får skriftleg svar når søknaden er behandla. Dette blir kalla eit vedtak.
Saksbehandlingstid for søknader
Saksbehandlingstida er tida frå vi får søknaden din og til vi har fatta eit vedtak. Hugs at vi treng all nødvendig dokumentasjon for å behandle søknaden din.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Søknad | 11 veker |
Internasjonal søknad | 32 veker |
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Klage på vedtak om AAP
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Anke vedtak om AAP
Dersom du er ueinig i svaret på klaga di frå Nav klageinstans, kan du med nokre unntak anke vedtaket. Fristen for å anke står i vedtaket.
Klage på oppfølgingsvedtak
I vedtaket står det korleis du går fram viss du skal klage, kven du skal klage til og klagefrist. Dersom du har spørsmål om vedtaket, kan du kontakte oss.
Saksbehandlingstid for klage og anke
Har du fått eit vedtak frå oss som du meiner er feil? Då kan du klage til Nav-eininga som skreiv vedtaket. Saka di blir i dette tilfellet vurdert på nytt. Dersom eininga ikkje er samd i klaga, blir ho sendt vidare til Nav klageinstans.
Saka gjeld | Forventa saksbehandlingstid |
---|---|
Klage til Nav-eining | 15 veker |
Klage til Nav klageinstans | 5 månader |
Anke til Nav klageinstans | 5 månader |
I dette kapittelet
Du har aktivitetsplikt
Du må bidra til å avklare om du kan kome i eller tilbake i jobb. Aktivitetsplikta inneber at du
- lagar ein aktivitetsplan i samarbeid med rettleiaren din
- deltek på avtalte møte med Nav
- leverer informasjonen og dokumentasjonen vi treng for å hjelpe deg
- gjennomfører aktivitetane og tiltaka som du og Nav har blitt samde om i aktivitetsplanen din
Du må seie frå til oss dersom du ikkje kan delta på avtalt aktivitet
Du har rett på AAP også dersom kortvarig sjukdom gjer at du ikkje klarer å gjennomføre avtalt aktivitet. Du melder frå om sjukdom når du fyller ut meldekortet.
Dersom du ikkje kan delta på tiltak eller annan aktivitet i lang tid grunna sjukdom, må du ta kontakt med oss. Vi vil vurdere om aktivitetsplanen din bør endrast.
Dersom du ikkje kjem til møte med oss, eller ikkje stiller til avtalte aktivitetar, tiltak eller behandling, kan dette føre til at
- du mistar plassen din på tiltak
- du får redusert utbetaling
- vi stoppar AAP-utbetalinga di
Dersom du ikkje kan delta på avtalt aktivitet, er det viktig at du kontaktar oss.
Du må ha ein aktivitetsplan
Du og rettleiaren din utarbeider ein plan for kva du skal gjere for å kome i eller tilbake i jobb.
Du bruker aktivitetsplanen din til å
- føre oversikt over aktivitetane de legg inn
- ha ein dialog med rettleiaren din
- melde frå om endringar i situasjonen din
Du må sende meldekort
For at du skal få utbetalt AAP, må du sende inn meldekort kvar 14. dag.
Meldekortet er eit skjema du fyller ut for å gi oss opplysningar om mellom anna jobb, aktivitetar og fråvær dei siste 14 dagane.
Dersom du ikkje sender meldekort i tide, får du trekk i utbetalinga.
Dersom du ser at du vil få problem med å sende meldekortet i tide, må du kontakte oss snarast mogleg.
Første utbetaling
Du får første utbetaling etter at søknaden din er behandla og godkjend. Vi etterbetaler pengane frå og med dagen du har rett på AAP.
Regelmessige utbetalingar
For at du skal få utbetalt AAP, må du sende inn meldekort kvar 14. dag. Pengane blir utbetalte 1–3 verkedagar etter at vi har fått meldekortet.
Det er viktig at du følgjer med på utbetalingsoversikta di. Der kan du sjå når du har fått utbetalingar og kor mykje du har fått.
Dersom du trur du har fått utbetalt for mykje, må du seie frå til oss. Vi vil vurdere
- om du faktisk har fått utbetalt for mykje
- om og eventuelt kor mykje du må betale tilbake
Dersom du trur at du har fått utbetalt for lite, bør du sjekke om
- du har sendt inn meldekort
- du har fylt ut meldekortet rett
- du leverte meldekortet etter fristen
- du har fått trekk, til dømes av ein kreditor eller som følgje av barnebidrag
- du har fått rett skattetrekk
- du er registrert med rett kontonummer hos Nav. Logg inn og sjekk kva kontonummer du er registrert med
Dersom du framleis er i tvil om utbetalinga di, kan du kontakte oss.
Feriepenger
Du får ikkje feriepenger av AAP.
Skatt
AAP blir skattlagt som arbeidsinntekt og er pensjonsgivande.
Kva periodar som er trekkfrie, er avhengig av meldekortperioden din.
I juni er dei to første periodane trekkfrie, det vil sei veke 21-22 og 23-24 eller veke 22-23 og 24-25.
I desember er den første utbetalinga trekkfri, det vil sei anten veke 47-48, eller veke 48-49.
Endring i situasjonen din kan gjere at
- du kan få utbetalt meir AAP
- du kan få utbetalt mindre AAP
- vi kan stoppe AAP-utbetalingane dine
- avtalte aktivitetar må endrast
Du må seie frå til oss dersom
Du må melde frå dersom det skjer endringar i jobbsituasjonen din, til dømes:
- Du får ny jobb, anten på heiltid eller deltid.
- Du byrjar jobbe meir.
- Du byrjar jobbe mindre.
- Du mistar jobben din eller blir permittert.
Du må melde frå dersom det skjer endringar i helsa di, til dømes:
- Du blir heilt eller delvis frisk.
- Du avbryt avtalt tiltak eller behandling.
- Du blir innlagd på sjukehus eller ein institusjon.
Dersom du blir innlagd i meir enn 3 månader, og du får gratis kost og losji, vil vi vanlegvis redusere AAP-utbetalinga di med 50 prosent. Vi vil derimot ikkje redusere AAP-utbetalinga di dersom du innfrir eitt av desse to kriteria:
- Du forsørgjer ektefelle eller har rett på barnetillegg.
- Du har faste og nødvendige utgifter til bustad.
Når du får AAP og forsørgjer barn, har du samstundes rett på barnetillegg. Du må seie frå til oss dersom
- du får ansvar for fleire eller færre barn
- du skal søkje om foreldrepengar eller eingongsstønad
Du kan søkje om barnetillegg 3 månader bak i tid. Det er difor viktig at du søkjer innan 3 månader etter at du har fått ansvar for barn.
Du må melde frå til oss dersom barnet har vore utanfor Noreg, EØS eller Sveits i meir enn 90 dagar i løpet av dei siste 12 månadene, eller om barnet skal det vere det dei komande 12 månadene.
Dersom du er borgar i eit land utanfor EU/EØS eller Sveits, må du melde frå til oss dersom barnet bur eller skal bu utanfor Norden.
Du må seie frå til oss dersom du får ein sluttpakke eller eit sluttvederlag frå arbeidsgivaren din.
Du mistar retten til AAP dersom du
- sit i varetekt
- sonar straff i ein institusjon
Dersom du jobbar for ein arbeidsgivar utanfor fengsel, kan du få AAP, men du må likevel melde frå til oss om situasjonen din.
Du må sende ein ny søknad for å få tilbake AAP etter varetekt eller opphald i fengsel. Hugs å få ei stadfesting på at du er lauslaten, og send denne til oss.
Dersom du meiner at du har fått utbetalt for lite eller for mykje, eller dersom du manglar utbetaling, sjekkar du om
- du har sendt inn meldekort
- du har fylt ut meldekortet rett
- du leverte førre meldekort for seint
- du har fått trekk, til dømes av ein kreditor eller grunna barnebidrag
- du har fått rett skattetrekk
- du er registrert med rett kontonummer hos Nav. Logg inn og sjekk kva kontonummer du er registrert med
Dersom du framleis er i tvil om utbetalinga di, må du kontakte oss, slik at vi kan vurdere
- om du faktisk har fått utbetalt for mykje
- om og eventuelt kor mykje du må betale tilbake
Det er difor viktig at du følgjer med på utbetalingane dine.
Du kan melde frå om endringar ved å skrive til oss, eller Dialog-funksjonen i aktivitetsplanen din.
Det er viktig at du held oss oppdatert på slike endringar, slik at du ikkje får utbetalt for mykje eller for lite.
Kva kan skje dersom du ikkje gir beskjed?
Dersom du bryt pliktene dine utan god grunn, kan vi stoppe utbetalingane dine. Du kan klage på vedtak om trekk eller stans i AAP.
Du kan jobbe samstundes som du får AAP, men Nav vil då redusere AAP-utbetalinga di etter kor mykje du jobbar.
Dersom du jobbar meir enn 60 prosent, får du som hovudregel ikkje utbetalt AAP. Les meir om korleis utbetalinga blir påverka av talet på timar du jobbar.
Dersom du er nær ved å kunne byrje i full jobb, kan det vere mogleg for deg å jobbe inntil 80 prosent utan at du mistar AAP. Dette må du først avtale med rettleiaren din.
Ein slik periode kan vare i inntil 12 månader.
Dersom du har arbeidsavklaringspengar med godkjent yrkesskade eller yrkessjukdom, kan du arbeide inntil 70 prosent.
Du kan søkje om å få behalde AAP medan du etablerer den nye verksemda di. Du kan då få AAP i inntil 6 månader medan du er i ein utviklingsfase og/eller 3 månader samstundes som du er i ein oppstartsfase. Du kan i så fall jobbe med verksemda di utan at det påverkar kor mykje AAP du får utbetalt.
Det er eit krav at etableringa sannsynlegvis fører til at du kan forsørgje deg sjølv, eventuelt i kombinasjon med uføretrygd.
Når du søkjer om AAP under etablering av eiga verksemd, må du i tillegg fylle ut skjemaet om næringsfagleg vurdering av etableringsplanar.
Næringsfagleg vurdering av etableringsplanar
Vurderinga må gjerast av fylkeskommunen/kommunen eller ein annan kompetent instans.
Søknad om AAP under etablering av eiga verksemd (utviklingsfase)
Dersom du allereie får arbeidsavklaringspengar, kan du søkje om å få behalde desse under etablering av eiga verksemd.
Du kan behalde dei i ein utviklingsfase på inntil 6 månader. Du må søkje før bedrifta startar opp.
Søknad om AAP under etablering av eiga verksemd (oppstartsfase)
Dersom du allereie får arbeidsavklaringspengar, kan du søkje om å få behalde desse under etablering av eiga verksemd.
Du kan behalde dei i ein oppstartsfase på inntil 3 månader. Du må søkje før bedrifta startar opp.
Arbeidsevne som ikkje blir utnytta
Nav kan redusere AAP dersom vi kjem til at du kunne ha jobba meir enn det du faktisk gjer. Dersom det er forhold ved den arbeidsretta aktiviteten din som gjer han vanskeleg å gjennomføre, skal du likevel ha full utbetaling av arbeidsavklaringspengar.
Som hovudregel kan du få AAP så lenge du innfrir følgjande to kriterium:
- Du oppheld deg innanfor EU/EØS eller Sveits.
- Du er statsborgar i Noreg, EU/EØS eller Sveits.
Krava om at du er i aktivitet og sender meldekort er dei same.
- Belgia
- Bulgaria
- Danmark
- Estland
- Finland
- Frankrike
- Hellas
- Irland
- Island
- Italia
- Kroatia
- Kypros
- Latvia
- Liechtenstein
- Litauen
- Luxembourg
- Malta
- Nederland
- Norge
- Polen
- Portugal
- Romania
- Slovakia
- Slovenia
- Spania
- Sveits*
- Sverige
- Tsjekkia
- Tyskland
- Ungarn
- Østerrike
*Sveits er ikke et EØS-land, men trygdereglene gjelder likevel der hvis du er statsborger i et EFTA-land (Norge, Island, Liechtenstein eller Sveits).
Se fullstendig oversikt over områder der EØS-reglene gjelder i rundskriv til EØS-avtalens bestemmelser om trygd kapittel 1 nr. 3 (Lovdata).
Dersom du er EU/EØS-borgar
Dersom du skal reise innanfor EØS
Viss du er statsborgar i eit EU/EØS-land eller Sveits og får AAP, treng du ikkje søkje om å reise til eit anna EU/EØS-land eller Sveits.
Dersom du er familiemedlem av ein EØS-borgar eller sveitsisk statsborgar, gjeld dei same reglane som for borgarar i EU/EØS-land.
Dersom du skal reise utanfor EØS
Dersom du planlegg å reise til eit land utanfor EU/EØS, må du søkje om å få behalde AAP i utlandet før du reiser. Du kan få behalde AAP i inntil 4 veker per kalenderår ved utanlandsopphald utanfor EU/EØS.
Søknad om å behalde arbeidsavklaringspengar under opphald i utlandet
Du treng ikkje søkje dersom du er EU/EØS-borgar eller sveitsisk statsborgar og skal opphalde deg innanfor EU/EØS eller Sveits.
Dersom du er statsborgar i eit EØS-land eller Sveits, kan du behalde AAP når du skal flytte innanfor EØS-området og Sveits.
Du kan ikkje behalde AAP dersom du flyttar til eit land utanfor EØS og Sveits. Du kan likevel søkje om å få AAP dei første 4 vekene. Det kan bli gitt unntak dersom du får medisinsk behandling eller deltek på eit avtalt arbeidsretta tiltak utanfor Noreg.
Du er sjølv ansvarleg for å kome i gang med eigna behandling i landet du flyttar til. Nav kan ikkje hjelpe deg med dette. Du må også vere merksam på at dårlegare tilgang til arbeidsretta tiltak i mange land kan gjere det vanskeleg for deg å oppfylle aktivitetsplikta di.
Viss du vurderer å flytte ut av Noreg, må du kontakte Nav i god tid før du flyttar. Du kan då få informasjon om korleis flyttinga vil påverka oppfølginga di eller retten til pengestøtte.
Søknad om å behalde arbeidsavklaringspengar under opphald i utlandet
Du treng ikkje søkje dersom du er EU/EØS-borgar eller sveitsisk statsborgar og skal opphalde deg innanfor EU/EØS eller Sveits.
Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS
Du kan reise innanfor Norden, Luxembourg, Nederland og Austerrike utan måtte å søkje om å få behalde AAP.
Dersom du skal reise til andre land, må du søkje om å få behalde AAP. Du kan då få AAP i inntil 4 veker per kalenderår.
Dersom du er nær familiemedlem av ein EØS-borgar som bur i Noreg, vil dei same reglane gjelde som for borgarar i EU/EØS-land.
Søknad om å behalde arbeidsavklaringspengar under opphald i utlandet
Du treng ikkje søkje dersom du er EU/EØS-borgar eller sveitsisk statsborgar og skal opphalde deg innanfor EU/EØS eller Sveits.
Du kan flytte til eit anna nordisk land, Luxembourg, Nederland eller Austerrike og framleis få AAP.
Dersom du flyttar til andre land enn desse, kan du ikkje behalde AAP. Du kan likevel søkje om å få AAP dei første 4 vekene.
Du er sjølv ansvarleg for å kome i gang med eigna behandling i landet du flyttar til. Nav kan ikkje hjelpe deg med dette. Du må også vere merksam på at dårlegare tilgang til arbeidsretta tiltak i mange land kan gjere det vanskeleg for deg å oppfylle aktivitetsplikta di.
Viss du vurderer å flytte ut av Noreg, må du kontakte Nav i god tid før du flyttar. Du kan då få informasjon om korleis flyttinga vil påverka oppfølginga di eller retten til pengestøtte.
Dersom du er familiemedlem av ein EØS-borgar, gjeld dei same reglane som for borgarar i EU/EØS-land.
Søknad om å behalde arbeidsavklaringspengar under opphald i utlandet
Du treng ikkje søkje dersom du er EU/EØS-borgar eller sveitsisk statsborgar og skal opphalde deg innanfor EU/EØS eller Sveits.
Heimekontor i utlandet
Arbeid du utfører utanfor Noreg, kan ha konsekvensar for rettane dine. Dette gjeld også ved bruk av heimekontor for norsk arbeidsgivar.
Her kan du lese meir om korleis jobbing i utlandet kan påverke medlemskapet ditt i norsk folketrygd.
Oppdatert 25.02.2025
Chat med oss
Du møter først chatbot Frida som har døgnope. Mellom klokka 9 og 15 på kvardagar kan du be Frida om å få chatte med ein rettleiar.
Alltid ope
Stengt no, opnar kl 9
Skriv til oss
Send beskjed eller nye opplysningar i saka di. Du kan òg sende spørsmål.
Svartida er 2 arbeidsdagar. Vil du ha raskare svar, kan du bruke chat.
Ring oss på 55 55 33 33
Ope kvardagar kl. 9–15. Dersom ventetida er over 5 minutt, kan vi ringe deg tilbake.
Stengt no, opnar kl 9